Prosjektaktivitet 2024

Klima- og miljøgruppa

I 2024 har berekraftig bruk av areal segla opp til eit sentralt forskingsfelt i gruppa. Det eittårige kunnskapsoppsummeringsprosjektet Karnak om samverknader mellom arealbruk, naturmangfald og klima vart fullført og presentert på Arendalsveka. Samstundes vart NYVEST-prosjektet sett i gang om utviklinga av ein metode for å ta omsyn til nettopp samspelseffektane mellom areal, natur og klima. Vi rakk også så vidt å starte opp to store nye prosjekt om rettferdig arealbruk, leidd av Halvor Dannevig: Enabling land use justice finansiert av Forskingsrådet og Land use justice for green transitions finansiert av Nordforsk.

2024 har også vore eit år der fleire store, fleirårige prosjekt har blitt avslutta, spesielt på reiselivsområdet. Horisont 2020-prosjektet Face-it, der Vestlandsforsking hadde leiarskapen av ein arbeidspakke om turisme, klima og miljøendringar på Svalbard og Grønland, vart avslutta i oktober. Det forskingsrådsfinansierte Balancing Act-prosjektet om berekraftig reiseliv på Svalbard vart også avslutta ved utgangen av året. Også her har Vestlandsforsking leidd ein arbeidspakke om natur- og klimaendringane sin verknad på reiselivet. Forskarar frå både klima- og miljøgruppa og teknologi- og samfunngruppa har delteke i prosjekta, som har gitt god innsikt i dilemmaene kring til reiselivsutvikling på Svalbard knytt til behovet for å ha reiseliv som grunnlag for busetnad, samstundes som klimaendringane aukar behovet for at naturen må skjermast for negative verknader av menneskeleg aktivitet.

To prosjekt finansiert av høvesvis Regionale Forskingsfond Vestland og Regionale Forskingsfond Rogaland, om indikatorutvikling for berekraftig klimatilpassing av bygg og infrastruktur (Vestland), og berekraftsanalyse av klimatilpassing (Rogaland), leia av SINTEF, men med Vestlandsforsking som arbeidspakkeleiar, vart også avslutta. Prosjekta har gitt eit godt innblikk i status for klimatilpassingsarbeidet i totalt 15 kommunar i Vestland og Rogaland fylke, og i indikatorutvikling for klimatilpassing

 

Teknologi og samfunn-gruppa

Forskingsgruppa teknologi og samfunn hadde eit produktivt år i 2024 med omsyn til gjennomføring av prosjekt og innhenting av nye prosjekt. Saman med Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart avslutninga på det seksårige prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane markert. Eit av måla var å utvikle og auke kompetansen innan automatisering, stordata og kunstig intelligens, og talet på forskarar innan desse områda har mangedobla seg ved Vestlandsforsking og HVL i prosjektperioden. Teknologi og samfunn sin PhD-kandidat i Teknoløft jobba i 2024 med å forbetre kunstig intelligens for å kartleggje marint naturmangfald. Vi hadde stand på Sogningen i samband med forskingsdagane om bruk av kunstig intelligens for å identifisere artar og objekt på fjordbotnen frå undervassdronebilete og om miljøgifter og plast i fjord, fisk og sjødyr. Standen hadde eit tverrfagleg utgangpunkt i prosjekta Shift-plastics og Teknoløft Sogn og Fjordane

I januar 2024 var Forskingsrådsprosjektet Just Transform starta, i eit spanande samarbeid mellom teknologi- og miljøforskarane ved VF, der dei spør: Korleis kan den grøne og digitale omstillinga bli meir berekraftig, rettferdig og inkluderande? I 2024 fekk teknologi og samfunnsgruppa og tildelt EU-prosjektet DeCrises: EU De-carbonisation in Times of Crises: Exploring Social Innovations and Enhancing an Equitable Twin Transition. Både tema – ein meir rettferdig grøn og digital omstilling – og samarbeidet på tvers av forskergruppene er felles for desse to prosjekta. 

Når det gjeld viktige arenaer for forskargruppa, deltok fleire på Kongsberg Agenda, som er teknologifeltet sitt svar på Arendalsveka. 

Dei fleste i teknologi og samfunn-gruppa har vore engasjert i søknader til Forskingsrådet si utlysing om etablering av forskingssenter for kunstig intelligens. Professor Rajendra Akerkar var prosjektleiar for Vestlandsforsking sitt eige KI-senterinitiativ, i samarbeid med 20 partnarar frå akademia, offentleg sektor og næringslivet. Med ein profil som er både regional, nasjonal og internasjonal, skal dette senteret utvikle KI-verktøy og -metodar som skal støtte offentleg
sektor og næringsliv i å ta betre avgjerder i samfunnskritiske situasjonar. 

Eit langvarig arbeid innan feltet kjønn, mangfald og teknologi saman med regionale aktørar kunne og markere at eit spanande prosjekt fekk tildelt støtte frå Vestland fylkeskommune: Teknojenter, som skal fremje likestilling og mangfald innan teknologifeltet. Prosjektet samlar eit breitt spekter av aktørar, frå vidaregåande skule i Sogndal og Årdal, Sogn Næring, til Sognarådet, HVL, Årdal teknologipark, Sogn opplæringskontor, Vite Meir, Direktoratet for
digitalisering og Hydro.

 

Berekraftig reiseliv
Photo of Eidfjord centre
Jonsokdag i Eidfjord, 2024
Foto: Agnes B. Engeset

I 2024 fekk vi gleda av å opne Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv. Den 19. desember markerte vi at senteret kunne starte opp med ei regional finansiering frå Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn sparebank og Sogndal kommune. I startfasen er Høgskulen på Vestlandet vår første FoU-partnar. Leiar av senteret er Agnes Brudvik Engeset, med Ove Oklevik (Høgskulen på Vestlandet), Kristin Løseth og Anna Maria Urbaniak-Brekke (Vestlandsforsking) med i senterleiinga.

Vi arbeidde òg mykje med å synleggjere og posisjonere Vestlandsforsking i 2024.  l løpet av året publiserte vi ei rekkje kronikkar, mellom anna om tolegrenser, om kulturbasert reiseliv og om kvar du finn den siste snøen i verda. Vi heldt innlegg på konferansar, mellom anna om klimaendringar på Svalbard og om berekraftig reiseliv. Ei rekkje vitskaplege artiklar er også publiserte, mellom anna frå Turisme og klimarisiko-prosjektet. Eitt av høgdepunkta i formidlinga vår i fjor var deltaking på Arendalsveka i august. Der diskuterte vi kven som skal setje grenser for turiststraumen til Noreg. Vestlandsforsking har òg ein plass i Innovasjon Norge sitt Strategiske råd for reiseliv, der Agnes Brudvik Engeset er valt inn for to år.

I 2024 avslutta vi to store forskingsprosjekt om reiseliv og klimaendringar i polarområda, Sustainable tourism in Svalbard – A Balancing Act og Fremtiden til arktiske kystøkosystemer – identifisering av overganger i fjordsystem og kystområder. Den auka turiststraumen til Norge har før til at tolegrenser i reiselivet er viktig tema for reisemålsselskap og kommunar. Vi avslutta to mindre oppdrag, kunnskapsgrunnlag for vurdering av tolegrenser i Eidfjord kommune og Longyearbyen på Svalbard. På tampen av året fekk vi tilslag på Tolegrenseanalyse og moglegheitstudie på oppdrag frå Sognarådet og Visit Sognefjord. Vestlandsforsking samarbeider med NINA og SPOR i arbeidet, som startar opp i 2025. 

 

Regional utvikling og -samarbeid

Dei regionale forskingsinstitutta er medvite plassert utanfor dei store byane, og spelar ei nøkkelrolle i regionale innovasjonssystem. Samstundes med deltaking på den internasjonale og nasjonale FoU-arenaen, er vi tett på næringsliv og offentleg sektor i eigen region. 

Nokre døme på prosjekt med regional relevans som kom i gang i 2024:

  • Utvikling av metode for samla analyse av klima og naturrisiko, med Årdal kommune, Hydro Årdal og Vestland fylkeskommune 
  • Kommuneundersøking 2024 om klimatilpassing
  • Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap for å vise samspelseffektar mellom natur og klima på Vestlandet (NyVest), i samarbeid
    med fylkeskommunane Vestland (prosjektleiar), Rogaland og Møre og Romsdal og NINA
  • Teknojenter, i samarbeid med ei rekkje aktørar i Sogneregionen
  • Optimalisering av haustevindauge for steinfrukt med KI (OptiFrukt), i samarbeid med Sogn frukt og grønt AS
  • Kunnskapsgrunnlag for tolegrenseanalyse for Eidfjord kommunesenter

    Vi har inngått ein samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune frå 2024-26 om å bidra til å nå måla for berekraftig verdiskaping i regional plan for næring og innovasjon. Vi tek aktivt del i Grøn region Vestland, og har inngått avtale med og sit i styringsgruppa for fleire av dei grøne hubane. Vi deltek i FoU-forum Vestland som skal bidra til forsking som gir innovasjon for næringsliv og offentleg sektor i Vestland fylke. Vi bidreg aktivt i høyringar om regionale planar, og bidrog i 2024 med innspel til revisjon av Temaplan for forsking og til Utviklingsplan for Vestland 2024-2028. 

    Vi har i 2024 teke aktivt del i FORREGION, som har til mål å fremje forskingsbasert innovasjon i næringslivet i heile landet. Fylkeskommunen leiar FORREGION Vestland, og samarbeider med Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. 

    Vi er aktive i å informere om EU-program og andre internasjonale ordningar for forskingssamarbeid til næringsliv og offentleg sektor i fylket, vi deltek og er sentrale i administrasjonen av i IT-forum Vest og E-helse Vestland. Vi er representerte i styret for Fjordkonferansen, som sidan 2012 har skapt eit fagleg møtepunkt for dei akademiske fagmiljøa på Vestlandet med ein årleg konferanse.

 

Internasjonalt samarbeid 2024
Rajendra og gjestestipendiatar
Rupendra, Rajendra, Christopher og My-Thu på Campus Sogndal i nydeleg maivêr. Rajendra er vertskap for dei tre stipendiatane, som vanlegvis held til ved universitet i India og USA. Foto: Idun A. Husabø

Vi legg stor vekt på internasjonalt forskingssamarbeid. I 2024 har vi totalt hatt 18 aktive, internasjonale prosjekt, og samarbeid med forskarar i ei rekkje land i og utanfor Europa. Tre stipendiatar frå India og USA har vore på hospitering hjå oss i seks veker i 2024. 

Stordatagruppa under Teknologi og samfunn har arbeidd med fleire internasjonale prosjekt i året som gjekk. Forebygging av voldsfremkallende atferd i det sosiale cyberrommet i lokalsamfunn (SOCYTI) er eit fireårig prosjekt som starta opp i 2022, der Vestlandsforsking samarbeider med UH-institusjonar i Noreg og USA. Hovudmålet er å undersøke korleis ein kan utvikla metodar og verktøy for å informere norske samfunnstenester i tide om valdsframkallande åtferd på nettet. 

Prosjektet Transnasjonalt partnarskap for framifrå forsking og utdanning i disruptive teknologiar for ei resilient framtid (DTRF) er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og sju verdsleiande universitet i USA, India, Kina og Japan, der målet er å etablere ein langvarig partnarskap om framifrå utdanning og forsking knytt til dette temaet. 

Frå 2024 leiar forskarar frå begge gruppene på Vestlandsforsking, saman med partnarar frå Noreg og Storbritannia, eit fleirårig prosjekt som skal utarbeide eit rammeverk for ein berekraftig, rettferdig og inkluderande grøn og digital transformasjon (JustTransform). I tillegg samarbeider kjønns- og teknologiforskarar frå Vestlandsforsking med kollegaer frå Noreg og Australia i prosjektet Understanding Masculinity in Gaming. Desse forskarane vart også inviterte til eit Horisont Europa prosjekt med partnarar frå sju land, som vart støtta i 2024 (DeCrises) med fokus på avkarbonisering i krisetider: utforske sosiale innovasjonar og fremje ei rettferdig grøn og digital omstilling.

IntegrateNBS
Frå oppstartsmøtet i IntegrateNBS

Klima- og miljøgruppa fekk i 2024 eit stort internasjonalt JPI-prosjekt, finansiert av Norges Forskingsråd, som dei leiar i samarbeid med partnarar frå Sverige, Polen og Spania. Prosjektet har som mål å innfri det transformative potensialet til naturbaserte løysningar i byrommet (Integrate NBS). Eit anna fleirårig prosjekt som fekk støtte i 2024 er JustGreen, finansiert av NordForsk og leidd av Vestlandsforsking, som handlar om rettferdig arealbruk for grøn omstilling (partnarar frå Finland, Danmark og Island). 

Klimaforskarar arbeidde også med to prosjekt som handlar om polare problemstillingar og effektar av klimaendringar: eit Horisont2020-prosjekt Face-It, og et Norges Forskningsråd prosjekt med partnarar frå Noreg og USA - Balancing Act (begge avslutta i 2024). ClimateNarratives-prosjektet handlar om å utveksle lokale forteljingar og venskapleg forståing av klimaendringar i urfolkssamfunn på Grønland og i det sørvestlege Stillehavet. SusRenew, som vart starta i 2023, analyserer den pågåande overgangen mot eit framtidig fornybart energisystem med nullutslepp av klimagassar. Vestlandsforsking og Universitet i Sussex hadde i 2023 og 2024 samarbeid om avkarbonisering og omstilling av norsk industri. Prosjektet er knytt til FME NTRANS

I 2024 nærma vi oss også slutten av prosjektperioden til Tourrisk, eit prosjekt leidd av Vestlandsforsking, der vi, i tillegg til mange norske institusjonar, samarbeider med partnarar frå Australia, Canada og Nederland. Forskarar frå klima- og miljøgruppa jobba også med to prosjekt om grenseoverskridande klimarisiko: Transadapt (saman med forskarar frå Sverige) og Utforske risikoeierskap knyttet til grenseoverskridende klimarisikoer som påvirker de nordiske landene (saman med forskarar frå Sverige og Finland).

I tillegg til Horisont-programmet og Forskingsrådet sitt JPI-program, har Vestlandsforsking lange tradisjonar for EØS-samarbeid, nordisk samarbeid og deltaking i INTERREG-programma. Mellom anna leide klima- og miljøgruppa EØS-prosjektet Co-Adapt, der målet var å utvikle eit medverknadsverktøy for klimaomstilling som fasiliterer klimatilpassing og kutt i utslepp av klimagassar i byar i Polen. Forskarar frå klima- og miljøgruppa avslutta i 2024 to EØS-prosjekt i Bulgaria og Romania. Eit anna EØS-prosjekt avslutta i 2024, med polske samarbeidspartnarar, der forskarar frå teknologi- og samfunngruppa var engasjerte, er Polish Outdoor Learning med mål om å bruke "outdoor learning" til å engasjere kvinner som står utanfor arbeid og utdanning.

I 2024, som tidelegare, har vi aktivt brukt prosjektetableringsmidlar til posisjonering, kompetanseheving og utvikling av Horisont Europa-prosjekt. Vi har óg avslutta arbeid med ein ny strategi og handlingsplan for Vestlandsforsking sitt internasjonale samarbeid.