Vestlandsforsking har søkt på KI-milliarden – vil ha forskingssenter for kunstig intelligens i Sogndal

Portrett av Anne Karin Hamre og Rajendra Akerkar utandørs
Direktør Anne Karin Hamre og professor Rajendra Akerkar har stor tru på søknaden instituttet sende inn til Forskingsrådet 15. januar, som ein av 50 søknader på den såkalla "KI-milliarden". Vestlandsforsking er òg med som partnar i fem andre sentersøknader. Foto: Monica Brugrand.

Kan vi ta i bruk kunstig intelligens for å ta betre avgjerder i situasjonar som er kritiske for samfunnet? Dette er kjernen i eit senter Vestlandsforsking og 20 partnarar ønskjer å skipe i Sogndal. Søknaden som nyleg gjekk til Forskingsrådet er ein av 50 søknader på milliarden regjeringa har sett av til eit knippe nye KI-senter.

Vestlandsforsking står i spissen for eit samarbeid mellom 20 toppmotiverte partnarar frå akademia, offentleg sektor og næringslivet. Profilen er både regional, nasjonal og internasjonal. No skal søknaden vegast opp mot 50 andre søknader frå til saman 620 aktørar.

Statsråd for forsking og høgare utdanning, Oddmund Hoel, gav uttrykk for at han var imponert over nivået på søknadene og omfanget av interesse i ei presesmelding frå Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet 21. januar.

– Eg er glad for å sjå den formidable interessa for KI-milliarden. Det er tydeleg at satsinga har mobilisert kunnskapsmiljø både i privat og offentleg sektor. Søkarlista viser at det ikkje er tvil om at vi har ei lang rekke fagmiljø med imponerande kvalitet og høge ambisjonar, sa Hoel.

Dei 50 søknadene skal kokast ned til ei skiping av mellom fire og seks statsstøtta senter for KI-forsking. Kunngjeringa kjem i juni 2025.

Byggjer på mange år med teknologiforsking

For Vestlandsforsking sin del spring den sterke interessa for KI-milliarden ut av fleire tiår med forsking innan teknologi og samfunn. Professor Rajendra Akerkar, med sitt sterke internasjonale nettverk, har lenge vore sentral i fagmiljøet til Vestlandsforsking. Det er òg han som har ført søknaden i pennen, eit arbeid som har teke det meste av tida hans dei siste månadene.

Rajendra Akerkar i Sogndal
Rajendra Akerkar kom til Vestlandsforsking i 2009 og er sentral i forskinga på digitalisering, KI og stordata ved instituttet. Han leidde arbeidet med sentersøknaden til Vestlandsforsking og eit konsortium på 20 partnarar frå akademia, offentleg og privat sektor. Foto: Rupali Akerkar

 

Kunstig intelligens driv fram viktige endringar i forskinga vår på digitalisering og gjer det lettare å jobbe med innovasjon og løyse komplekse samfunnsproblem. Senteret vi søker støtte til, byggjer på KI-basert avgjerdsstøtte for sentrale aktørar i samfunnet, forklarer Rajendra.

Målet er å gjere det mogeleg for offentleg sektor og næringsliv å handtere samansette samfunnsutfordringar ved å lene seg på KI-verktøy og metodar for å ta betre avgjerder i samfunnskritiske situasjonar.

Verktøya senteret utviklar, stiller mennesket i sentrum for bruken av KI.

– Vi er ute etter å forbetre KI-verktøya si evne til å støtte oss i avgjerder. KI-verktøya sine framsteg vil gagne oss gjennom at vi tek betre avgjerder, og at folk har høg tillit til det som blir bestemt, forklarer professoren.

Rajendra forklarer at det er mykje meir krevjande å bruke KI til avgjerdsstøtte enn til å forutsjå ting. Grunnen er at avgjerder byggjer på ein del uvisse frå underliggande prediksjonar. Forskarane har altså sett fingeren på eit kritisk behov.

Handtering av kriser

Kriser, beredskap og kriseleiing er ein raud tråd i forskinga Rajendra og kollegaene hans har drive med dei siste åra, saman med vektlegging av kritisk infrastruktur som transport, helse, telekommunikasjon  og energi. Denne raude tråden dukkar òg opp i søknaden om KI-senter.

Ved å innføre etisk ansvarlege KI-verktøy, tek senteret sikte på å bidra til at dei som skal ta kritiske avgjerder i ulike delar av samfunnet vårt, kan gjere det raskare og med større nøyaktigheit når situasjonane krev det. Eit nærliggande døme kan vere ein vestlandskommune som må handtere ekstremvêr: mykje skjer på ein gong, all informasjon er usikker, rykta går og kriseleiinga må vere snar for å hindre tap av liv og skade på infrastruktur.

Møte i Bergen om KI-senter. Mange folk med ryggen til sit i eit møterom med skråtak. Ein person snakkar fremst i lokalet og viser ein presentasjon.
Vestlandsforsking møtte partnarane i sentersøknaden i Bergen 11. november. - Denne arbeidsverkstaden var svært nyttig og bidrog til at vi fekk betre innblikk i partnarane sine behov og utfordringar, seier Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking. Foto: Ivar Petter Grøtte

– KI-senteret vi legg opp til, er viktig for at Noreg skal vere robust i framtida og stå imot ulike påkjenningar og truslar, seier Rajendra og viser til ein kombinasjon av forsking, innovasjon og pilotar, altså utprøving i ulike organisasjonar.

Nyleg fekk norske kommunar ei tilråding frå regjeringa om å involvere fleire folk i handtering av kriser. Regjeringa peika òg på eit akutt behov for forsking som støttar opp under kritisk avgjerdstaking i beredskap og under krisehendingar, og det meiner Vestlandsforsking å ha levert eit godt svar på.

Skal dele funna vidt

I tillegg til dei 20 partnarane, er KS, Vestland fylkeskommune og IT-forum Vestland med som støttespelarar i prosjektet. Det vil seie at dei held seg orienterte og støttar arbeidet på andre måtar enn med finansiell deltaking.

Fordi resultata er venta å ha stor samfunnsnytte, skal dei delast med relevante aktørar over heile landet, til dømes kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarembeta.

– At KS er involvert i senteret vårt, gjer det lettare å få spreidd viktige verktøy og løysingar til fleire offentlege aktørar over heile landet, seier Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking, som er svært nøgd med søknaden instituttet har sendt inn.

Desse søker Vestlandsforsking saman med:

• to andre forskingsinstitutt: Norce og Sintef Digital

• fire norske universitet: Høgskulen på Vestlandet, NTNU Gjøvik, BI Oslo og Universitetet i Bergen (Institutt for informasjons- og medievitenskap, Institutt for samfunnspsykologi)

• fem kommunar: Oslo, Sogndal, Tromsø, Sunnfjord og Bergen

• to statlege verksemder: Statsforvaltaren i Vestland og Staten vegvesen

• to teknologiselskap: Tellu AS og Paneda AS

• fire internasjonale universitet: Carnegie Mellon University, George Mason University, Wageningen University og Reykjavik University

 

Byggjer opp kompetansemiljø

KI-senteret vil byggje på eit tverrfagleg fundament. Det vil òg fremme tverrfagleg samarbeid og tette band mellom forsking og innovasjon. I tillegg til teknologar, spelar samfunnsvitarar og folk frå område som kognitiv psykologi og åtferdsvitskap ei nøkkelrolle.

I det lengre løp vil KI-senteret ha som mål å bygge opp ei spesialisert gruppe tilsette som får opplæring i å utvikle og bruke menneskesentrerte KI-verktøy og utdanne dei involverte slik at dei har god forståing av korleis KI kan brukast og kva fallgruver som finst.

– Senteret vil byggje opp ei slik gruppe gjennom doktorgrader, postdok-stillingar og mastergradar. Vi vil vere aktive når det gjeld å delta på fagkonferansar og arbeidsverkstader og legge til rette for forskarmobilitet gjennom ulike typar hospitering og gjesteopphald, seier Rajendra.

Stor tru på eit ja

Professoren har lagt ned ein enorm innsats i søknadsarbeidet. Han gjekk i gang alt i april i 2024. Sidan har det blitt mange månadsverk, både fram mot første søknadsrunde i juni og etter at Vestlandsforsking fekk grønt lys for å gå vidare til andre steg i prosessen.

Då den endelege søknadsfristen gjekk ut 15. januar i år, hadde 122 skisser blitt til 50 faktiske søknader.

– Trur du de vil vere blant dei heldige 4-6 sentera regjeringa satsar på?

– Vi sende frå oss den mest omfattande og viktige søknaden eg nokon gong har levert til Forskingsrådet. Dette er eit ambisiøst prosjekt som ikkje berre flyttar grensene for KI-forsking, men òg vil føre til positive ringverknader i den digitale omstillinga som når langt ut over norsk offentleg og privat sektor.

No ligg søknaden i hendene på Forskingsrådet sine evaluatorar, og fagmiljøet ventar spent på kva dei bestemmer seg for.

– Eg vågar å ha stor tru på eit positivt utfall, seier Rajendra, som rettar ein varm takk til alle som var med på å hale den store søknaden i land.

Vestlandsforsking er òg med som partnar i fem andre sentersøknader leia av Universitetet i Bergen, Sintef, NTNU, UiA og USN.