Kritisk til dobling i bruk av privatfly på få år

stefan
Stefan Gössling er forskingskoordinator ved Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

Private flyreiser er eit fenomen i vekst. Frå 2019 til 2023 auka CO2-utsleppa frå dei rike sine flyreiser med 46 prosent. Det viser ny ei kartlegging gjennomført av forskingskoordinator Stefan Gössling ved Vestlandsforsking. Studien vart publisert i Nature og har fått stor mediemerksemd verda over.

Forskingskoordinator i reiseliv, Stefan Gössling, som deler tida si mellom Vestlandsforsking og eit svensk universitet, har kartlagt utsleppa frå verdas store, internasjonale flåte av private fly saman med andre internasjonale toppforskarar.

Så store er utsleppa:

I fjor slapp privatflya ut til saman 15,6 millionar tonn CO₂. Det tilsvarar 3,6 tonn per
flyging.

Eit gjennomsnittsmenneske slepp ut 4,7 tonn CO₂ per år. I Noreg står kvar av oss for utslepp av 7 tonn CO₂.

Kjelder: Communications Earth & Environment og Global Carbon Budge

Det store biletet er at omfanget av turar med privatfly aukar. Dei fleste flyreisene skjer i USA, men også Europa utmerkar seg. Forskarane finn ein nedslåande auke i talet på slike flygingar over heile verda, også i Noreg. I åra 2019 til 2023 har auken vore på 46 prosent, altså nær ei dobling.

Ein Røkke, 199 gjennomsnittspersonar

Avisa Klassekampen skildrar biletet i Noreg slik i ein artikkel frå 19. november: «Se for deg at 199 nordmenn er samlet til et gruppebilde. Så kan du plassere privatflyet til Kjell Inge Røkke ved siden av. Den hvite Falcon-jeten sto i fjor for et like høyt utslipp av karbondioksid i atmosfæren som de 199 menneskene gjør til sammen».

Ein einaste flytur med Røkke sitt privatfly slepp i gjennomsnitt ut meir CO₂ enn ein vanleg nordmann gjer med sitt totale forbruk i løpet av eitt år, viser tal frå databasen over utsleppa og forflyttingane til den.

Reisene til tre rike nordmenn førde i 2023 til like store utslepp av CO2 som flyreisene til 461 nordmenn.

 

Privatfly
Frå 2019 til 2023 var auken i bruk av privatfly på heile 46 prosent. Foto: Chris Leipelt, Unsplash

Kraftig vekst

– Generelt slepper privatfly ut like mykje CO₂ på éin time som eit gjennomsnittsmenneske slepper ut kvart år, sier Stefan Gössling til Klassekampen. Ikkje berre har det vore ein auke i bruken av privatfly. Dei flya som finst, tek dessutan fleire turar enn før.

– Vi ser at mange av flygingane er veldig korte, og det er mykje henting og levering, som om flyet var ein taxi. Det verkar ikkje som om dei som brukar dei, bekymrer seg over at flya er mykje meir energiintensive enn kommersielle fly, seier Gössling.

Hardare skatt

Forskaren meiner privatflya bør skattleggast mykje hardare, i form av høgare CO₂-avgift, ei eiga landingsavgift og skattlegging av fritidsreiser.
– Viss ein har ein politikk som byrjar på toppen, med dei som slepper ut mest, får ein mykj meir forståing i befolkninga for avgjerder som gjeld alle andre. Viss dei rike ikkje skal ta ansvar for utsleppa sine, kvifor skal noko som slepper ut mykje mindre CO₂ vere ansvarlege? spør han.

Stor medieinteresse

Nature
Studien om privatfly er publisert i Nature.

Den nye studien, publisert i tidsskriftet Nature Communications Earth & Environment, har fått stor merksemd over heile verda. Per 19. november har 187 nyheitsmedium nemnt forskingsfunna, mellom anna Forbes, Le Monde, The Telegraph, Die Welt, Stern, Dagens Nyheter, Los Angeles Times, National Geographic, The Straits Times og The Guardian. I tillegg er saka omtalt på 12 bloggar og 293 X-kontoar.

 

Les artikkelen i Nature her:

Private aviation is making a growing contribution to climate change i Nature Communications Earth & Environment, av Stefan Gössling, Andreas Humpe og Jorge Cardoso Leitão.