Transnasjonalt partnarskap for framifrå forsking og utdanning i disruptive teknologiar for ei resilient framtid

Prosjektet "Transnasjonalt partnarskap for framifrå forsking og utdanning i disruptive teknologiar for ei resilient framtid (DTRF)" vil gjennom samarbeid mellom Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og sju verdsleiande universitet i USA, India, Kina og Japan, etablere ein langvarig partnarskap der framifrå utdanning er integrert i framifrå forsking i disruptive teknologiar for kritiske infrastruktursystem.

Det er Vestlandsforsking som skal leie DTRF sitt forskings- og utdanningsnettverk, og samarbiedet går over tre år.

Masterstudentar med relevant bakgrunn vil bli trekte inn i den pågåande forskinga til Vestlandsforsking og partnarane, med akademisk publisering som endeleg mål. Prosjektet vil etablere gode rutinar for mobilitet for studentar og mellom fakultet. Det vil føre til forbedra utdanning og utvikling av ekspertise inn til norsk akademia, t.d. DTRF sitt pensum for profesjonell utdanning av framtidas dataforskarar, andre forskarar og politiske avgjerdstakarar. Prosjektet vil også styrke forskingssamarbeid som vil påverke utdanning av norske masterstudentar positivt. Meir kontakt og mobilitet vil òg gje studentane større høve til å få fleire samarbeidspartnarar og relevante vertskapsinstitusjonar for forskingsopphald i USA, India, Kina og Japan.

Prosjektdeltakarane legg ikkje berre opp til å kommunisere internt i sitt eige forskingsmiljø, men ønskjer òg å gjere samarbeidet sitt synleg overfor andre, nærliggande verksemder og organisasjonar i offentleg sektor.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Norwegian Agency for International Cooperation and Quality Enhancement in Higher Education (Diku)
I samarbeid med:
Western Norway University of Applied Science (HVL), Bergen
George Mason University, USA
National Institute of Tokyo, Japan
Hong Kong Polytechnic Univeristy, Hong Kong
Indian Institute of Technology Indore, India
San Diego State University, USA
Southern University of Science & Technology, China
Prosjektnummer:
6565
Prosjektleiar:
Aktuelt:
  • Foto

    Rask avdekking av falske nyheiter og hatefulle ytringar på nett er blant det stordataforskarane ved Vestlandsforsking skal forske på i eit nytt, internasjonalt samarbeid med fagmiljø i India, Japan, Kina, Hong Kong og USA. Toppmiljøa i prosjektet skal dele kunnskap og nye metodar med kvarandre og innvie studentar i forskingsfronten.