Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap for å vise samspeleffektar mellom natur og klima på Vestlandet (NyVest)

Offentleg forvaltning har i dag ikkje godt nok kunnskapsgrunnlag eller verktøy for å vektlegge klima og miljø i avgjerdsprosessar om arealbruk. Prosjektet vil utvikle eit innovativt verktøy og medverknadssopplegg for å auke desse omsyna under arealdisponering. Vi skal betre ein nyutvikla metode for heildekkande naturkartlegging og lage eit verktøy for arealrekneskap som skal ta kast i bruk i arealforvaltning så raskt som mogeleg. Prosjektet skal også avdekke vilkår for at dei nye data og metodane vert brukt og vektlagd i avgjerdsprosessar. Med betre arealplanlegging vil resultata gi høve til å bruke oppdatert, kartfesta kunnskap tidleg i planprosessen, auke fagleg kvalitet på alternativvurderingar og bidra til høgare prioritering av fortetting. Dette vil føre til sikring av naturmangfald, reduksjon av klimagassutslepp, auka karbonlagring, klimatilpassing og jordvern.

Prosjektleiar er Kjetil Lygre og Iselin Helløy

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
I samarbeid med:
Vestland fylkeskommune
NINA
Møre og Romsdal fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Kommunar
Prosjektnummer:
6682