Vi treng fleire unge som vel teknologirelaterte utdanningar og -yrke for å møte kompetansebehovet arbeidslivet i Sogn har for å sikre vidare verdiskaping og omstilling i det digitale og grøne skiftet. Skal ein oppnå̊ dette målet, må̊ fleire jenter inn i teknofaga.

 

Prosjektet etablerer eit breitt samarbeid på̊ tvers av sektorar og utdanningsnivå̊ frå barnehage til høgskulenivå, for å utvikle gode praksisar for å motivere jenter til å fatte interesse for teknofag. Prosjektet vert leia av Vestlandsforsking, og er eit samarbeid med Sogndal og Årdal VGS, Sognarådet (kommunane i Sogn), Sogn Næring, HVL, ViteMeir, Årdal teknologipark, SOK, og har støtte og bidrag også frå Hydro Aluminium Årdal og Digdir. Vi vil etablere samarbeid, gjennomføre tverrsektorielle workshops, utvikle og teste pilotar og designe gode praksisar for å rekruttere fleire jenter til teknologifag i Sogn. Erfaringar og pilottesting i dette prosjektet vil danne grunnlag for ein ny søknad om fase 2, som vil iverksette tiltak og aktivitetar for å rekruttere jenter til teknologifag i heile Vestland fylke.

Prosjektet famnar breitt om «teknofag», som omfattar teknologifag og -utdanningar, frå yrkesfaglege utdanningar som elektro, el-teknikk, industriell teknologi, mediefag og IT-fag samt realfag som kvalifiserer til teknologifag i høgare utdanning og informasjonsteknologi på høgskulenivå.

 

Aktivitetar i prosjektet

Første workshop vert 7. mars på ViteMeir

Målgruppa er jenter som går på ungdomsskulen og VG1, i tillegg til lærarar, rådgjevarar og gjerne foreldre, som kan vere ein viktig heiagjeng rundt jentene.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
I samarbeid med:
Sogn Næring
Sogndal vidaregåande skule
ViteMeir
Høgskulen på Vestlandet
Årdal Utvikling
Årdal vidaregåande skule
Hydro
DigDir
Sogn Opplæringskontor
Sognarådet
Prosjektnummer:
6700
Prosjektleiar:
Seniorforskar og gruppeleiar Teksam
Prosjektmedarbeidarar:
Leiande seniorforskar og forskingsleiar
Publikasjon(ar):
Aktuelt:
  • racerbilar

    Framleis vel for få jenter å studere teknologifag, medan arbeidsplassar som krev teknisk kompetanse, skrik etter kvinner. Prosjektet "Teknojenter" har som mål å endre dette biletet i Sogn.
    – Forsking viser at jentene treng eit ekstra dytt for å sjå at teknologiutdanning er nokon for dei. Difor er det av og til viktig å ha fokus på berre dei, seier forskar Torunn G. Hønsi frå Vestlandsforsking om arrangementet på ViteMeir 7. mars.

  • Oppstartmøte i Teknojenter - alle står i trappa

    – Vi treng fleire unge som vel utdanningar og yrke knytt til teknologi, og då må vi få fleire jenter inn i teknologifaga, seier Hilde G. Corneliussen. Før jul starta ho og kollega Torunn G. Hønsi opp prosjektet "Teknojenter" saman med ei rekkje samarbeidspartar i Sogn.