Kunnskapsoppsummering om arealbruksendringar, naturmangfald og klima (Karnak)
Prosjektet skal på oppdrag frå Forskingsrådet oppsummere forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og - lagring. Vi skal drøfte kva forskinga seier om (1) kor berekraftig arealbruken er i Norge, (2) dilemma og konfliktar mellom ulike samfunnshensyn, og (3) løysingar, verktøy og utviklingsmuligheiter for ei arealforvaltning som tar hensyn til både klima og naturmangfald. Arbeidet vil bli gjennomført som ein «scoping review» av både fagfellevurdert og grå litteratur på området med relevans for norske forhold. Vestlandsforsking er prosjekteigar, og utfører arbeidet saman med underleverandørane Miljøfaglig Utredning AS og Høgskulen på Vestlandet – Biblioteket. Ei ekspertgruppe med tre økologar skal kvalitetssikre søkekriterier og analysar, medan relevansen for arealplanlegging og -forvaltning skal styrkast gjennom ei brukargruppe med representantar for fire statsforvaltarembete og to kommunar