Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv opna torsdag

Klypping av snor i kontorlandskap, fire festkledde menneske står saman
Det grøne bandet vart klypt av Oddmund Klakegg (Vestland fylkeskommune, leiar i hovudutval for næring og utvikling). Snorhaldarar var Hallvard Klakegg (direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) og Ragnhild Skahjem Tofastrud, (leiar for kommunikasjon og kundeopplevingar i Sogn Sparebank). Ordførar i Sogndal kommune, Stig Ove Ølmheim, tok seg tid til å representere vertskommunen, trass i at kommunestryret var midt i eit langt og viktig førjulsmøte. Styreleiar i Vestlandsforsking, Silja Ekeland Bjørkly, var med på skjerm frå Bergen. Foto: Arve Uglum

Vestlandsforsking sitt nye Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv er offisielt opna. Senteret startar opp i 2025 og skal samarbeide med næringa, kommunar og forskingsmiljø for å gjere reiselivsnæringa meir lønsam, klimavenleg og digital.

Til å finansiere drifta hentar senteret hentar finansiering frå utviklingsaktørar i regionen. Dei største gjevarane er Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med høvesvis 2,1 og 3 millionar kroner.

Også Sogn sparebank og vertskommunen Sogndal har valt å delta i det regionale spleiselaget, og den eksterne støtta er på til saman 5,7 millionar kroner. I tillegg kjem eigeninnsats frå Vestlandsforsking og næringslivet.

Klypte grønt silkeband

Oddmund Klakegg frå hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune stod for den høgtidelege snorklyppinga. Silkebandet var sjølvsagt grønt, for å framheve at berekraft skal gjennomsyre arbeidet senteret gjer. 

Snorklyppinga vart utført av fylkesordføraren sin utsending, medan dei andre som har støtta senteret heldt snora: direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i ein ende, og på den andre sida ordførar Stig Ove Ølmheim frå Sogndal kommune og Ragnhild Skahjem Tofastrud, i Sogn sparebank, som er leiar for kommunikasjon og kundeopplevingar.

Rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri var til stades for å gratulere Vestlandsforsking. HVL blir ein viktig samarbeidspart. Arve Tokvam frå Norway's Best, som driv turisme i Flåm, representerte reiselivsnæringa under opninga. 

– Det er ein krevjande balansegang å utvikle seg samtidig som ein tek vare på naturen, sa Tokvam. Han understreka at verksemda han leier er meir enn klar for å bidra inn i senteret på ulike vis.

– Vi er svært takksame for støtta og gler oss til å kome i gang, sa direktør Anne Karin Hamre etter seremonien.

To forskarkvinner står framfor forsamling med dame på skjerm bak
Agnes Brudvik Engeset (til venstre) blir senterleiar, medan Kristin Løseth er blant nøkkelmedarbeidarane. Begge har doktorgrad innan reiseliv og opplevingsturisme. I går orienterte dei om reiselivsforskinga Vestlandsforsking sitt nye senter byggjer på, som strekkjer seg 40 år bakover i tid. Berekraft-elementet kom inn for kring 15 år sidan. Foto: Idun A. Husabø

 

Første nasjonale senter i sitt slag

Senteret sine støttespelarar la vekt på mykje av det same i talane sine. Vestland fylkeskommune sin utsending, Oddmund Klakegg, nemnde kor stor omsetnaden i reiselivet er blitt no: i Vestland stod turismen for 11,2 milliardar kroner i 2023, og næringa er i vekst.

– Vi bur i indrefileten av Noreg, minte han om. Klakegg var oppteken av at det nye senteret blir det første nasjonale senteret i sitt slag. Han roste også valet om å understreke at det skal vere kort veg frå kunnskap til gjennomføring, og at forskarane er tett på aktørane i næringslivet.

– Det er ei riktig og viktig rolle å ta, og vi håpar å kunne følgje dykk tett, sa han.

– Treng kunnskap, ikkje synsing

Både tronge fjordarmar og spisse fjell langt nord i Noreg har fått meir og meir besøk av utanlandske gjester dei siste åra. Tolegrenser og overturisme er ord ein stadig oftare les i lokalmedia og rapportar frå fagmiljøa. Også i Sogndal kommune er folkevalde opptekne av slike debattar, og ordførar Stig Ove Ølmheim kom direkte til opninga frå eit kommunestyremøte der regjeringa sitt forslag til «besøksbidrag» eller skattlegging av turistar var eit tema.

Til denne diskusjonen trengst det kunnskap, sa ordføraren, og la til at han var imponert over sentersatsinga:
– Eg tykkjer det er tøft gjort og er stolt over at de er så langt framme i skoa, gratulerte han.

Også Ragnhild Tofastrud understreka kor viktig det er at den veksande turismen gagnar oss som skal bu og leve i vestlandske landskap til dagleg.

– Det vi treng er kunnskap, ikkje synsing, sa ho.