Agnes inn i Strategisk råd for reiseliv

Agnes B. Engeset framfor Engelskkyrkja i Balestrand i kvit bluse og kort, raud frisyre. Blå himmel og lett skydekke. Smiler til kamera. Ho held ei grøn notatbok framfor bringa.

Seniorforskar Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking blir medlem av Innovasjon Norge sitt strategiske råd for reiseliv. Rådet skal mellom anna bidra til å forme Innovasjon Norge si satsing på reiseliv. – Her vil eg vil gjerne bidra med ny kunnskap basert på forsking, seier ho.

Seniorforskar Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking er ein av til saman 16 personar som sit i det strategiske rådet, som er oppnemnd av leiargruppa i Innovasjon Norge.

Dette gir dei Innovasjon Norge råd om:

  • strategisk og fagleg utvikling for å oppfylle føremål og mål i  reiselivsoppdraget til IN
  • innretning og kvalitet i måten IN forvaltar reiselivsoppdraget på
  • evalueringar av IN sine tenester til reiselivsnæringa

Dei andre medlemmane har i hovudsak bakgrunn frå reiselivsnæringa. Agnes blir den einaste forskaren i rådet. Ho ser fram til å delta i rådsmøta, som kjem til å finne stad minimum to gonger i året.

– Det er kjekt å bli spurd, seier ho. 

Bringer inn ny forsking

Fem av rådsmedlemmane er nyoppnemnde i år. Dei andre nye er Arne Jørgen Skurdal i Visit Øst-Norge; destinasjoneleiaren i vintersportselskapet SkiStar, Gudrun Sanaker Lohne; Hurtigruten sin administrerande direktør, Hedda Felin og Petra Sestak-Flagestad, CEO i Explore Trøndelag. 

– Eg tenker at Innovasjon Norge har ei viktig rolle i utviklinga av norsk reiseliv, både i utvikling av norsk reiselivsnæring, men òg kvar ein marknadsfører seg. Her vil eg vil gjerne bidra med ny kunnskap basert på forsking, seier Engeset.

Vervet gjeld for dei komande 2 åra, frå starten av 2025 og ut 2026.

Les meir om Strategisk råd for reiseliv her