Seks arrangement og ein statsråd
Vestlandsforsking var sterkt til stades under Arendalsuka 2024, med seks arrangement om klima og miljø. På eitt av dei deltok statsråd Andreas Bjelland Eriksen. – Arendalsveka gav oss eit godt høve til å formidle forskinga vår, og vi er særs nøgde med deltakinga på arrangementa våre, seier direktør Anne Karin Hamre.
Forskarane frå Sogndal stilte mannsterkt for å legge fram dagsaktuelle forskingsfunn og debattere med politikarar og næringsliv. Dei seks arrangementa i regi av Vestlandsforsking dekte viktige klima- og miljøspørsmål knytt til arealbruk og naturmangfald, privat forbruk og utslepp, klimatilpassing og berekraftig reiseliv.
Du kan sjå opptaka frå arrangementa her. Nedanfor oppsummerer vi høgdepunkta.
Statsråden: – Nokon må sørge for heilskapen
På eitt av arrangementa deltok klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, gruppeleiar for Venstre i Rogaland fylkesting Kjartan Alexander Lunde og ordførar i Kinn kommune Bengt Solheim-Olsen. På grunnlag av eiga forsking på nasjonale styringsdokument, etterlyste seniorforskar Eivind Brendehaug betre samsvar mellom klimatiltak- og tiltak for naturmangfald.
– Vi finn minst samspel i styringsdokument om energiutvikling, sa Brendehaug. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen svarte:
– Vi har hatt koordineringsproblem mellom sektorane. Nokon må sørge for heilskapen. No er Grøn bok etablert for at alle departement skal jobbe for klimamåla på sitt område. Det same må vi gjere i naturpolitikken. Handlingsplan for natur skal bidra til det ved å setje tydelege mål og gi eit system for å følgje opp på tvers av sektorane. Det blikket har mangla, det er eg einig i, sa ministeren, og lova at hans departement skulle ta ansvar for å jobbe meir systematisk med dette enn tidlegare.
Ministeren fekk òg spørsmål om systemet for konsekvensutgreiing ved arealendringar. Fleire forskingsmiljø har peikt på det uheldige i at utbyggarane, anten av hytter, veg, industri eller fornybar energi, sjølv skal engasjere konsulentane som gjennomfører konsekvensutgreiingane.
– KU skal gi kunnskapsgrunnlag for dei politiske avgjerdene om utbygging. Dette har gitt eksempel der konsulentar dokumenterer lite naturverdiar, i tråd med utbyggar sine interesser, seier Eivind Brendehaug. I NRK-serien «Oppsynsmannen» omtaler Bård Tufte Johansen systemet som å setje «slumsebiologar» til å skrive konsekvensutgreiingar. På spørsmål om statsråden vil bryte med dette “bukken og havresekken”-prinsippet, svarte Eriksen at dei som er ansvarlege for ei utbygging også bør vere ansvarlege for konsekvensutgreiinga.
– Eg meiner òg at det i utgangspunktet ikkje er eit problem at dei sjølv skal ha hand om korleis konsekvensutgreiinga blir gjennomført. Men der eg er heilt einig at det ligg ein veikskapen, er i kontrollen av konsekvensutgreiingane. Der bør det vere betre kunnskap.
Råd til eit arealhungrig samfunn
Like før Arendalsveka publiserte Vestlandsforsking og NINA kvar sine rapportar om samanhengar mellom arealbruk, naturmangfald og klima. Institutta har fått parallelle oppdrag frå Forskingsrådet om å oppsummere kva vi veit om desse samanhengane og kor kunnskapen har hol.
Rapportane var utgangspunkt for ein samtale mellom områdedirektør og oppdragsgjevar Eva Falleth i Forskingsrådet og prosjektleiarane Kyrre Groven frå Vestlandsforsking og Erlend B. Nilsen frå NINA. Økolog Liv Guri Velle frå Nibio og Thomas Kiland-Langeland hjå Statsforvaltaren i Agder deltok også. Dei har begge følgt arbeidet gjennom ekspert- og brukargruppene i Vestlandsforsking sitt prosjekt.
NINA og Vestlandsforsking råda Forskingsrådet til å prioritere forsking om korleis arealbruken vår påverkar naturen som heilskap og om korleis vi kan fremme berekraftig arealbruk. Dette var òg bodskapen i ein kronikk frå forskarane, publisert av Forskning.no same dag.
– Forskingsrådet lovar å ta omsyn til resultata ved prioritering av framtidige løyvingar, sa Eva Falleth.
Forbruket ditt og mitt er ei sak for kommunen
Norske kommunar kan bidra til å redusere klimagassutsleppa som stammar frå privat forbruk blant innbyggarane. Tanken kan vere uvand for mange, men forsking viser at det finst eit stort uforløyst potensial på dette området. Kommunane kan mellom anna planlegge for mindre bilkøyring og mindre bustader og leggje til rette for initiativ i retning av ombruk og reparasjon.
– For å oppnå resultat må kommunane arbeide målretta med verkemiddelpakkar og samordne innsatsen internt, sa Bror Kristian Tandberg under arrangementet 15. august.
Katarina Axelsson frå Stockholm Environment Institute forklarte korleis Sverige fordeler roller og innsats i forbruksbasert klimapolitikk. Svenskane har sidan 2008 hatt ein forbruksbasert utsleppsrekneskap og svenske kommunar arbeider strategisk med rammeverket “unngå, flytte og forbetre”, kjent under forkortinga UFF, for å oppnå klimamåla dei folkevalde har vedteke.
Asker kommune er blant dei norske kommunane som har arbeidd målretta med å dempe det private forbruket. Mellom anna har dei oppretta eit ombruks-kjøpesenter som skal gjere det enklare å ta berekraftige val, fortalde Tale S. Torjussen. Etter innlegga leidde Anne Karin Hamre ein samtale på scenen med Synnøve Stalheim, leiar for Vestland fylkeskommune sin seksjon for klima, plan og analyse. Dei to andre deltok på skjerm, i tråd med temaet.
Kven skal setje grenser for turiststraumen?
Mange sektorar i samfunnet har lykkast med klimakutt, men i reiselivet held utsleppa fram med å auke. Særleg utsleppa frå lange flyreiser er store og aukande, og det er ei stor bekymring, sa Carlo Aall i innleiinga til debatten mellom forskarar, politikarar og representantar for reiselivet, der kjernen var korleis vi kan oppnå nullutslepp innan 2050.
Dei som deltok var Alfred Bjørlo (V, medlem av næringskomiteen), Rune Støstad (Ap, medlem av næringskomiteen), Per Arne Tuftin (direktør i bransjeorganisasjonen Norsk Reiseliv og Andreas Wollnick Wiese (ordførar i Luster).
– Vi treng ein nasjonal plan for cruise, sa Per Arne Tuftin, som svar på om det verkeleg skal vere opp til kommunar og reisemålsselskap å bestemme omfanget av cruiseturismen. Forslaget hausta nikk frå dei andre deltakarane i debatten.
– Eg gler meg over denne semja om at det trengst ein overordna, nasjonal plan for cruise. I arbeidet med tolegrenseanalysar for lokalsamfunn har vi merka mykje frustrasjon blant cruisekommunar over at ingen samordnar cruiseanløp. Samtidig er eg spent på korleis ein nasjonal plan kan sjå ut i praksis, seier Agnes Brudvik Engeset, forskar innan reiseliv ved Vestlandsforsking.
Tok pulsen på klimatilpassing i kommunane
Vestlandsforsking heldt òg eit arrangement om korleis det står til med klimatilpassing i norske kommunar, i samarbeid med Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), som instituttet leier og driv saman med sju andre fagmiljø.
Rangeringa viser eit sprik mellom dei store bykommunane og dei mindre distriktskommunane når det gjeld innsats for å redusere fysisk klimarisiko, og funna har fått mykje merksemd i media sidan lanseringa.
I debatten blei statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete, utfordra på kva embetet vil gjere opp mot ein av konklusjonane i årets rangering, altså at små og mellomstore kommunar på Vestlandet kjem dårlegast ut i rangeringa.
Navarsete viste til eit nytt forprosjekt som er under oppstart denne hausten. Der skal Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og KS Vestland førebu eit hovudprosjekt. Alle kommunane i Vestland skal etter planen inviterast til ein felles analysedugnad.
– Målet er å avklare kva typar klimarisiko dei ulike kommunane står overfor, og kva førebyggjande tiltak det er viktigast å starte opp med, fortel Carlo Aall.
Rassikring eller nye motorvegar?
Klimatilpassing i vegsektoren var tema for eit anna arrangement. Representantar for Statens vegvesen og Nye Veier AS la fram sine vurderingar av korleis det går med denne innsatsen. Dei to aktørane har saman med Norges forskingsråd finansiert prosjektet “Klimavei”, leia av Vestlandsforsking med NGI og Menon Economics med på laget. På arrangementet la dei tre forskingsinstitusjonane fram tilrådingar om korleis vegsektoren betre kan analysere fysisk klimarisiko og framlegg til ein ny metodikk for å vurdere samfunnsøkonomisk nytte av tiltak for klimatilpassing. I debatten mellom Cecilie Knibe Kroglund (statssekretær i Samferdsledepartementet, Ap), Marianne Sæhle (fylkestingsmedlem Vestland fylkeskommune, SV), Randi Walderhaug Frisvoll (leiar for Nasjonal rassikringsgruppe) og Randi Storhaug (nestleiar i Norges Naturvernforbund) la Vestlandsforsking fram dette spørsmålet til diskusjon: “Gir samfunnsøkonomisk analyse av klimatilpassing meir til rassikring og mindre til nye motorveier?”