Turisme og klimarisiko: ein modell for korleis det norske reiselivet kan redusere klimautslepp og auke verdiskaping (TourRisk)

Trass i at Norge har forplikta seg til å bli eit lågutsleppssamfunn i løpet av dei neste 30 åra, har ein til no sett få tiltak som verkeleg monnar. For å nå klimamåla, vil samfunnet bli nøydd til å gå gjennom ei djup omstilling. Alle sektorar må kutte i utsleppa sine, også reiselivet, som i dag står for eit stort energiforbruk og betydelege utslepp, særleg frå transport. Næringa er samtidig forventa å bli eit viktig bein å stå på etter oljealderen, og utfordringa er å finne balanse mellom høg verdiskaping og lave klimagassutslepp. Dette byr på ein del utfordringar som TourRISK går nærare inn på.
Risiko er eit nøkkelord for forskinga, og det handlar om to former for risiko: Den første, som vi kan kalle klimakutt-risiko, dreier seg om risikoen for at reiselivet blir nøydd til å takle nye kostnader knytt til å redusere klimagassutslepp. Det kan dreie seg om innføring av ny og dyr teknologi som reduserer utslepp frå transport eller om at styresmaktene innfører skattlegging av CO2-utslepp. Endringar i klimapolitikk i og utanfor Noreg kan òg påverke turistane sitt reisemønster.
Den andre typen risiko kan kallast klimaendringsrisiko. Her snakkar vi om risiko for at reiselivet blir råka av at det turistane kjem for å oppleve i Norge, uteblir på grunn av klimaendringane, som at skituristar avlyser fordi reisemåla manglar snø. Det kan òg handle om at eit lokalt reisemål eller Norge generelt blir oppfatta som utrygt på grunn av ekstremvêrhendingar som klimaendringane gjer at vi får fleire av. Det kan òg ha ein del å seie for Norge korleis andre land taklar utsleppskutta og tilpassar seg følgjene av klimakrisa.
Hovudmålet med prosjektet er å kome fram til kva slags politikk som kan gi oss den reiselivsnæringa Norge verkeleg treng i framtida, gitt klimasituasjonen verda står overfor. Framtidas norske reiseliv må vere motstandsdyktig og robust, slik at kriser og hendingar ute i verda ikkje slår beina under verksemdene.