Om Vestlandsforsking
Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt med base i Sogndal og forankring i Vestland. I samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø skal instituttet levere forsking av høg kvalitet som svarar på samfunnsutfordringar og bidreg til berekraftig utvikling.
Forskarane våre utfører tverrfagleg og bruksretta forsking både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vestlandsforsking har rundt 37 tilsette og ein årsomsetnad på om lag 40 millionar kroner. Vi held til på Campus Sogndal i Sogndal, som ligg i Vestland fylke.
Vestlandsforsking utfører forsking på tre fagområde:
Klima og miljø: utsleppsreduksjon; klimatilpassing; planlegging og berekraftig utvikling; industriell økologi og naturressursforvalting
Reiseliv: opplevingsturisme; digitalisering; berekraftig reiseliv
Teknologi og samfunn: stordata og nye teknologiar; regional utvikling og digitalisering; kjønn, mangfald og teknologi
Forskingsprosjekt
Vestlandsforsking har ein lang tradisjon for å leie og delta i internasjonale forskingsprosjekt, både med finansiering frå EU-kommisjonen og andre kjelder. Sidan starten har instituttet delteke i 14 EU-prosjekt, ni av dei i det siste tiåret (2013-23), og leia fire EU-prosjekt, der det nyaste dømet er LeMO.
På klima- og miljøfeltet pågår det i 2023 to forskingsprosjekt med midlar frå H2020: Face-It og JustNorth, begge med vekt på arktiske problemstillingar. I 2024 startar forskingsprosjektet IntegrateNBS om naturbaserte løysingar på klimautfordringar, som er finansiert av Joint Programming Initiatives (JPI). Klima- og miljøfeltet har elles større forskingsprosjekt som SusRenew og Shift-Plastics og klima- og reiselivsprosjektet TourRisk med finansiering frå Noregs Forskingsråd. I tillegg kjem TransAdapt, som hentar midlar frå grunnløyinga til Noradapt, eit senter Vestlandsforsking driv på vegner av åtte forskingsmiljø innan klimatilpassing.
Innan teknologi og samfunn har Vestlandsforsking hatt EU-finansierte forskingsprosjekt sidan 1990-åra. I åra 2017 til 2022 var instiuttet del av eit Nordic Centre of Excellence om kvinner i teknologikarrierar. For tida pågår det internasjonale nettverksprosjektet DTRF, med midlar frå Forskingsrådet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. I tillegg kjem store nasjonale prosjekt med internasjonale samarbeidspartar, som Socyti og JustTransform.
Vestlandsforsking har òg fleire prosjekt med EØS-midlar, som Energy 2050, Polish Outdoor Learning, Smartfood og Co-Adapt.
Visjon:
Banebrytande kunnskap for eit berekraftig samfunn
Delmåla våre:
- Samfunnsrelevant forsking og formidling
- Sterkt og konkurransedyktig fagmiljø
- Attraktivt og mangfaldig arbeidsmiljø
Vestlandsforsking sin strategi for 2021 - 2025 finn du her.
Finansiering
Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i Vestlandsforsking. Tilskot i form av grunnløyvingar blir nytta til strategisk fagleg utvikling og kvalitetssikring.
Instiuttet vart stifta 13. mars 1985. Ved stiftinga gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune (stiftar), Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 millionar kroner.
Organisering
Instituttet er organisert som ei stifting. Denne blir leia av eit styre på sju. Vestland fylkeskommune vel fleirtalet av medlemmene og Noregs Forskingsråd vel eitt medlem. Styreleiar er Silja Ekeland Bjørkly.
Anne Karin Hamre er direktør og står for den daglege leiinga av instituttet. Forskingsgruppene ved instituttet blir leia av forskingsleiarar og administrative gruppeleiarar. Instituttet sine vedtekter finn du her.
Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse, og instituttet har ein eigen likestillingsplan.