Fjellområde Sogn
Foto: Kyrre Groven

Rettferdig arealbruk for grøn omstilling (JustGreen)

 

 

 

 

 

 

 

 

Oppdragsgjevar
Nordforsk
Leia av
Vestlandsforsking
Prosjektperiode
-

Rettferdig arealbruk for grønn omstilling (JustGreen) er eit forskingsprosjekt som ser på konflikter som ofte oppstår i samband med arealbruksendringar kopla til den grøne omstillinga. Prosjektet skal utvikle eit rammeverk for å styrke dei demokratiske prosessane i den grøne omstillinga, og å redusere slike konfliktar. 

Fornybar energi står sentralt i den grønne omstillinga. Men fornybar energiproduksjon krev utvikling av infrastruktur og gruvedrift for utvinning av viktige mineral. Utbygging av fornybar energi er difor ein viktig drivar av arealbruksendringar i nordiske land. Desse arealbruksendringane fører ofte til konfliktar mellom utbyggarar, planleggingsmyndigheiter, miljøvernarar og lokale innbyggarar. For å sikre offentleg støtte til grøn omstilling, må desse konfliktane løysast på ein rettferdig og miljømessig forsvarleg måte.

I JustGreen utviklar deltakarane eit rammeverk for arealforvalting som kan bidra til å løyse arealbrukskonfliktar i den grøne omstillinga. Forskarane trekker inn teoriar om legitimitet, rettferdigheit og pluralistisk verdivurdering når dei utviklar eit nytt rammeverk for rettferdig arealbruk. 

Denne siste delen er viktig, sidan ei grunnleggande årsak til naturkrisa er at natur ikkje blir verdsett rett i avgjerdsprosessar. Forskarane i prosjektet skal bruke rammeverket til å studere pågåande og gjennomførte prosessar for arealbruksendring knytt til landbasert vindkraft og gruveprosjekt i fire land: Noreg, Finland, Danmark og Island. Dei skal analysere kunnskapsgrunnlaget for planprosessane i casane sine og vurdere i kva grad rettferdsperspektiv og pluralistisk verdsetting har påverka prosessane.

For å fremje teori og praksis om rettferdig arealbruk, vil prosjektet identifisere og teste metodar for konfliktløysing i arealforvaltingsprosessar. Rammeverket skal vere praktisk anvendbart for bruk i arealforvalting, og kan dermed bidra til å styrke demokratiseringa av grøn omstilling.

Arbeidspakkar
Arbeidspakke 1: Utvikle rammeverk for rettferdig arealbruksendring

Arbeidet går ut på å utvikle eit teoretisk rammeverk for å analysere dei fem casa i prosjektet. Rammeverket skal legge vekt på rettferd knytt til miljø, klima og energi og kombinere det med det internasjonale naturpanelet (IPBES) sitt rammeverk for pluralistisk verdivurdering. Ragnhild Freng Dale ved Vestlandsforsking har ansvar for arbeidspakken.

Arbeidspakke 2: Bruke rammeverket til å analysere planprosessar

Ved hjelp av rammeverket utvikla i arbeidspakke 1, skal forskarane studere korleis ulike interesser og verdiar, inkludert biologisk mangfald, klimaendringar og andre konkurrerande omsyn blir teke omsyn til i planleggingsprosessane for fornybar energi-infrastruktur og andre prosjekt knytt til industriutvikling, til dømes gruvedrift, i dei utvalde casa. Hannu I. Heikkinen ved Universitetet i Oulu har ansvar for denne delen av prosjektet.

Arbeidspakke 3: Bygge støtte for praktisk bruk med verktøy for konfliktløysing

Resultata frå verdianalysane av casa i arbeidspakke 2 skal brukast til å vidareutvikle og prøve ut konfliktløysingsprosessar med aktørane i casa der det gir meining å gjennomføre slike prosessar. Arbeidet skal munne ut i ei oversikt over policyverktøy som legg vekt på kontekst og kultur og kan brukast til å løyse konfliktar om arealbruk. Denne delen av prosjektet er leia av Irmelin Gram-Hanssen og Mari Hanssen Korsbrekke ved Vestlandsforsking.

Arbeidspakke 4: Utvikle policy-verktøy for rettferdig arealbruk

I denne arbeidspakken blir resultata frå dei ulike arbeidspakkane trekte saman. Forskarane hentar ut innsikt frå dei fem casa i prosjektet om korleis ein kan bruke nye eller gamle policy-verktøy til å vekte verdiar. Kunnskapen herifrå vil brukast til å formulere råd til avgjerdstakarar også utanfor caseområda. Forskarane skal òg gå gjennom rammeverket for rettferdig arealbruk på nytt og føreslå ei tverrsektoriell tilnærming til arealbruk som kan byggjast inn i retningslinjer og lovgjeving. I samarbeid med brukarpartnarane, fem norske kommunar, har forskarane som mål å ta i bruk lærdommar frå planprosessane på ulike måtar, til dømes i kommuneplanar i casekommunane. Arbeidet er leia av Johannes Welling ved Universitetet på Island.

Prosjektmøte

Prosjektet hadde oppstartsmøte på Kløfta ved Oslo lufthavn frå 31. oktober til 1. november 2024. Der møttest partnarar frå Finland, Island, Danmark og Norge for å bli betre kjende, oppdatere kvarandre fagleg på prosjektet sitt faglege rammeverk og planlegge aktivitetar framover.