Personale og kompetanseutvikling 2024

Det vart utført kring 32 årsverk ved instituttet i 2024. Ved utgangen av året hadde vi 36 tilsette, 33 forskarar og tre tilsette i administrasjonen. 

Vi hadde 20 tilsette med doktorgradskompetanse (seniorforskar) i 2024 og fem av desse har professorkompetanse (leiande seniorforskar).

Vi er godt innanfor målet om at 50 prosent av forskarane skal ha doktorgrad. Vi har for tida tre stipendiatar og vi hadde ein trainee som gjekk over i forskarstilling i 2024. 

Kvinner utgjer 46,9 prosent av forskarstaben og 50 prosent av tilsette ved Vestlandsforsking

Det var ein særs stabil arbeidsstokk i 2024 med ein turnover lik null. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv, med vekt på kjønsbalanse og mangfold. Det er eit internasjonalt arbeidsmiljø ved instituttet, med forskarar frå ei rekkje ulike land, som India, Bolivia, Polen, USA, Tyskland, Danmark og Sverige.

Vestlandsforsking har i 2024 hatt eit sjukefråvær på 4,6 prosent, ein liten oppgang i forhold til 2023. 

Det aukande samarbeidet på tvers av forskergruppene er og reflektert i at ein tilsett, sommaren 2024, tok til i den første forskarstillinga ved VF som har halve jobben i teknologi og samfunn, og halve i klima og miljø. 

Når det gjeld kompetanseheving har vi mellom anna hatt felles kurs i teamleiing, søknadsarbeid og det har vore tilbod om skrivekurs for alle.  Vi held jamleg "tysdagslunsj-møte" med faglege innlegg som bidre til oppdatering og inspirasjon. Forskingsetikk er eit fast, årleg innslag på desse lunsjmøta, og kunstig intelligens har vore eit viktig tema i året som har gått. 

I tråd med HMS-arbeidet gjennomførte Vestlandsforsking medarbeiderundersøking i 2024, og kort fortalt synte den at dei tilsette trivast godt på arbeidsplassen. Vestlandsforsking flytter i 2025 inn i nye lokale i Svingen på Campus. I planlegginga av dei nye lokala har Arbeidsmiljøutvalet saman med Bedrifthelse 1 arbeidd for å sikre at det ytre miljøet (t.d. lys, støy, støv) blir best mogleg.  

Vi skal vere ein arbeidsplass der medarbeidarane har rom for å utvikle seg og kollegiet til beste for instituttet og i tråd med intern kompetanseplan og likestillingsplan. Det er eit mål å legge til rette for at dei tilsette kan kombinere ei forskarkarriere ved instituttet med familieliv på ein god måte.

 

Tilsette ved utgangen av 2024

Teknologi- og samfunnsgruppa

Agnes I. Brudvik Engeset, seniorforskar

Anna Maria Urbaniak-Brekke, seniorforskar

Bjørn-Christian Weinback, stipendiat

Bård Huseby, forskar

Daniel Furberg, forskar

Hilde G. Corneliussen, leiande seniorforskar og forskingsleiar

Ivar Petter Grøtte, seniorforskar

Kristin Løseth, seniorforskar

Malin Waage, seniorforskar

Rajendra Akerkar, leiande seniorforskar

Torunn G. Hønsi, seniorforskar og gruppeleiar

Øyvind Heimset Larsen, seniorforskar

Chestha Arora, seniorforskar

Dante Della Vella, forskar

Klima- og miljøgruppa

Carlo Aall, leiande seniorforskar

Eivind Andre Brendehaug, seniorforskar

Fredrik Moltu Johnsen, seniorforskar

Halvor Johannes Dannevig, leiande seniorforskar og forskingsleiar

Hans Jakob Walnum, seniorforskar og gruppeleiar

Idun Anderssen Husabø, forskar og kommunikasjonsansvarleg

Irmelin Gram-Hanssen, seniorforskar

Karen R. Moberg, seniorforskar

Kyrre Groven, seniorforskar

Mari Hanssen Korsbrekke, seniorforskar

Marta Karoline Jansen, forskar

Ragnhild Freng Dale, seniorforskar

Stefan Gössling, forskingskoordinator

Synnøve Støverud Beitnes, forskar

Tara Botnen Holm, stipendiat

Torbjørn Selseng, forskar

Bror Kristan Raanaas Tandberg, trainee

Joaquin Zenteno Hopp, forskar

Administrasjonen

Anne Karin Hamre, direktør

Silje Vatlestad, økonomiansvarleg

Monica Brugrand, HR-ansvarleg

Geir Olav Haugen, prosjektrådgjevar