Bror Kristian Raanaas Tandberg har ein mastergrad i tverrfaglege miljøstudiar frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU). Han skreiv ein komparativ masteroppgåve om oppfatninga av råd og utval i utforminga av klimapolitikk i Noreg og Danmark.
På Vestlandsforsking arbeidar Bror med oppgåver knytt til klimaomstilling og Klimatilpassing. Han arbeidar med å kartleggje kva kommunar og fylkeskommunar kan gjere for å redusere utslepp ut frå eit forbruksperspektiv. Bror er óg knytt til NORADAPT og Norsk Klimamonitor kor han arbeidar med korleis kommunar og andre gruppar i samfunnet tilpassar seg klimaendringane.
Bror er spesielt interessert i problemstillingar som omhandlar klimapolitikk, miljøstyring og økologisk økonomi. Han har skriveerfaring frå Klassekampen og Skrivesenteret på NMBU. Han har også arbeidd ved den norske ambassaden i København.