Carlo er utdanna naturforvaltar ved dåverande Norges landbrukshøgskule (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) i 1987, og har tatt doktorgrad ved Universitetet i Aalborg i 2002. Tittelen på avhandlinga var "Forandring som forandrer? Fra miljøvernpolitikk til bærekraftig utvikling i norske kommuner". Han har arbeidd som forskar ved Vestlandsforsking sidan 1990. I perioden 1999 - 2006 var han gruppeleiar, og i perioden 2008 - 2017 var han forskingsleiar. Carlo har tidlegare arbeidd som miljøvernleiar i Ølen kommune (1988-90). Arbeidet på Vestlandsforsking har omfatta prosjektleiing for ei rad større forskingsrådsfinansierte prosjekt; fleire av dei med internasjonalt samarbeid mellom andre forskarar. Arbeidet har også vore retta inn mot utviklingsforsøk innafor lokalt miljøvern og berekraftig reiseliv.
I 2012 vart Aall tilkjent professorkompetanse i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet.
Frå 1. september 2016 er Carlo tilsett i 20 prosent stilling som professor II i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, der han tar del i undervisninga ved Master i climate change management.
Frå 1. januar 2019 er han leiar for det nyoppretta Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) ved Vestlandsforsking.