Synnøve Støverud
Beitnes
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
Master
Telefon:
Tilsett:
01.06.2021

Synnøve Støverud Beitnes er utdanna samfunnsgeograf og har ein mastergrad i økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging frå Universitetet i Bergen. I masteroppgåva med tittelen «Tørkesommeren 2018: En casestudie av jordbrukets resiliens til ekstremværhendelsar og utvikling av klimatilpassingsstrategiar» undersøkte ho korleis gardbrukarar i Gudbrandsdalen handterte den langvarige tørkesituasjonen og kva ei slik erfaring fekk å seie for vidare planlegging av gardsdrifta med tanke på klimaendringar.

Forskingsinteresser er klimatilpassing og korleis styrke evna til å handtera  eit mangfald av utfordringar i samfunnet knytt til klimakrisa og naturkrisa gjennom særleg arealplanlegging, naturforvaltning og landbruk. Synnøve er også forskar i fleire prosjekt tilknytt Norsk senter for berekraftig klimatilpassing. Ho har eit sterkt engasjement for klima- og miljøspørsmål, og har mellom anna jobba i miljøorganisasjonen «Framtiden i våre hender», tidlegare.

Publikasjonar:
Prosjekt: