Torbjørn
Selseng
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
M.Sc.
Telefon:
Tilsett:
2019

Torbjørn Selseng har mastergrad i klimaomstilling frå Høgskulen på Vestlandet og held for tida på med ein PhD om berekraftig klimatilpassing.

PhD-prosjektet «Closing the monitoring gap on local climate change adaptation. A new framework for a holistic approach to performing and monitoring adaptation» handlar om å lage eit felles omgrepsapparat for kommunal klimatilpassing. Arbeidet med berekraftig klimatilpassing blir ofte sett på prøve i kommunar der ulike fagtradisjonar med ulike problemforståingar løyser oppgåver kvar for seg, ofte utan omsyn til kvarandre og andre utviklingsmål. Målet med PhD-prosjektet er å få kommunetilsette med ulik fagbakgrunn til å forstå kvarandre betre og snakke betre saman.

Torbjørn er elles interessert i samspelet mellom demokrati, økonomisk, sosial og økologisk utvikling på ulike skalaar, og har ein hug for kvantitative metodar. 

Publikasjonar:
Prosjekt: