Lokal klima- og miljøpolitikk

Vestlandsforsking har gjennom over 30 år forska på korleis kommunar og fylkeskommunar kan utøve politikk på klima- og miljøområdet. Målet om ei berekraftig utvikling har heile tida stått sentralt i denne forskinga.

I dag står klimapolitikken sentralt i alle kommunar, og vi forskar særleg på korleis kommunane kan oppnå reduksjonar av klimautslepp og tilpassing til klimaendringar gjennom god planlegging, og korleis styrke den institusjonelle kapasiteten for klimaarbeid. Dei siste åra har denne forskinga blitt retta inn mot omgrep som «det grøne skiftet» og “klimaomstilling”, ut frå ei forståing at store samfunnsendringar må til for å løyse klimautfordringane, ikkje berre mindre “justeringar” av måten samfunnet fungerer på.

På dette feltet samarbeider vi særleg med Forskningsgruppe for miljø, ressursforvaltning og klima ved Nord universitet, Cicero senter for klimaforskning, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

 

Publikasjonar

Artiklar

  • Ekstremvêret Jakob

    Forskarar frå Vestlandsforsking jobba i haust fram ein metode for å analysere risiko og sårbarheit for klimaendringar på nasjonalt nivå.
    – Vi håpar Noreg kan få ei betre forståing av kva område som treng mest merksemd, slik at ressursane kan brukast på ein meir målretta og effektiv måte, seier leiande seniorforskar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

  • mari severinsen presenterer klimatilpassingstema med fire bilete som bakgrunn

    – Vi har bede sentrale fagfolk i Norge om å sjå ti år bakover på klimaarbeidet og ti år framover, seier Carlo Aall. Saman med andre aktørar i Vestland inviterer Vestlandsforsking og Noradapt til ei jubileumsutgåve av konferansen Klimaomstilling 6. og 7. mai. Er du rask med å melde deg på, får du spesialpris.

  • hytter på pålar

    Skal du bygge ei ny hytte? Då er det fleire ting du kan gjere for at utsleppa av klimagassar og naturinngrep skal bli så små som mogeleg.

  • cruiseskip ved Longyearbyen

    Populære reisemål for cruiseturistar har hyra Vestlandsforsking til å skaffe kunnskap om kor mykje cruiseturisme staden bør legge opp til. I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget, ser forskarane på meir enn klima og miljø. Kva lokalsamfunnet ønskjer seg, er òg ein del av biletet.
    – Der reiselivet før la mest vekt på kva turistane ville ha, tenker ein no òg på kva innbyggjarar og andre i reisemålet ønskjer, seier seniorforskar Agnes B. Engeset.

  • Årdal kommune

    Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Vestlandsforsking bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet.
    – Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

  • Karen disputerer

    - Det trengst ei radikal omlegging av arealplanlegginga, sa Karen Richardsen Moberg då ho leverte prøveførelesinga si og disputerte ved NMBU 15. desember. Ein må hente fram att verktøy som har ligge nedstøva i verktøykassa sidan det nyliberale inntoget på 1980 og -90-talet, og finne alternativ til vekst viss vi skal greie å redusere tap av natur og artar og redusere belastninga på klimaet, sa Karen frå podiet.