Lokal klima- og miljøpolitikk

Vestlandsforsking har gjennom over 30 år forska på korleis kommunar og fylkeskommunar kan utøve politikk på klima- og miljøområdet. Målet om ei berekraftig utvikling har heile tida stått sentralt i denne forskinga.

I dag står klimapolitikken sentralt i alle kommunar, og vi forskar særleg på korleis kommunane kan oppnå reduksjonar av klimautslepp og tilpassing til klimaendringar gjennom god planlegging, og korleis styrke den institusjonelle kapasiteten for klimaarbeid. Dei siste åra har denne forskinga blitt retta inn mot omgrep som «det grøne skiftet» og “klimaomstilling”, ut frå ei forståing at store samfunnsendringar må til for å løyse klimautfordringane, ikkje berre mindre “justeringar” av måten samfunnet fungerer på.

På dette feltet samarbeider vi særleg med Forskningsgruppe for miljø, ressursforvaltning og klima ved Nord universitet, Cicero senter for klimaforskning, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • Mann med briller i blå t-skjorte og skjorte, smiler til kamera

    Over to dagar i september inviterer Vestlandsforsking til konferanse om korleis tettstader kan utvikle seg i ei retning som er berekraftig.
    – Vi sit på forskingsresultat som mange kommunar kan ha nytte av i samfunnsplanlegginga, seier Kyrre Groven.

  • banner med blå og kvit farge og tekst oppå: "Klimaomstiling2022" og datoen 26.-28. april

    Når den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2022 igjen går av stabelen i Sogndal 26.-28. april, i fysisk format, er det med eit bakteppe av krig og politisk uro på europeisk jord. Situasjonen aktualiserer årets hovudtema: matsikkerheit og energiomstilling.

  • To kvinner med biokol i små glas står framfor skiltet til Vestlandsforsking

    Vestlandsforsking ser store fordeler i å starte med produksjon av biokol i Sogn, etter å ha utgreidd spørsmålet for avfallsselskapet Simas IKS.
    – I lågutsleppssamfunnet vi skal rigge det neste tiåret, er det biologiske avfallet vårt for verdifullt til at vi kan køyre det til forbrenning i Sverige, seier prosjektleiar Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking.

  • To kvinner og to menn poserer framfor utsikt over Sogndal med bok

    Fire forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet fekk 17. juni prisen for beste vitskaplege artikkel under Fjordkonferansen 2021. Artikkelen formidlar funn frå forskingsprosjektet Surround, som handlar om stadutvikling i Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim.

  • Foto av kvinneleg artist i svart/kvitt

    Ein verbal og musikalsk appell frå klimaaktivist og artist Marte Wulff er blant det vi byr på under årets utgåve av #Klimaomstilling 29. april, der vi òg rettar blikket mot haustens stortingsval og det som kjem etter pandemien. 2021-konferansen er den sjette vi held saman med andre som jobbar med klima i Vestland.

  • Tre kvinner og ein mann står i sola og ser i kamera

    Sogndal kommune og Vestlandsforsking fekk god utteljing då Regionale forskingsfond Vestland tildelte midlar tidleg i 2021. Begge er med i to av dei fem forskingsprosjekta som fekk støtte, og skal samarbeide om å løyse utfordringar mange norske kommunar møter på i klimaarbeidet.