Energi og transport

Energiforskinga ved Vestlandsforsking strekkjer seg over fleire tiår og omfattar både mobil energi (dvs. gods- og persontransport) og stasjonær energi (t.d. oppvarming av bustader). Hovudperspektivet er korleis vi kan redusere lokal ureining, få ned energibruk og redusere klimagassutslepp. Viktige tema er vilkår for auka produksjon av fornybar energi, vilkår for reduksjon av energiforbruket i samfunnet, og analyse av mekanismar som gjer at vinninga går opp i spinninga når ein set i verk energisparande tiltak (rebound-effekt).

Vi forskar òg på alternative drivstoff og køyretøyteknologiar, dvs. samfunnsmessige vilkår og barrierar for å fase inn ny teknologi og korleis denne teknologien påverkar helse og miljø. Noko av dette er dokumentert i ein database som viser energibruk og klimagassutslepp for person- og godstransport og for ulike drivstoff. Vi har òg forska på drivarar for energibruk og relaterte klimagassutslepp for transport, og på transportsystem i eit heilskapleg perspektiv.

Sidan 2011 har ein del av energiforskinga vore knytt til Centre for Sustainable Energy Studies (CenSES), eit nasjonalt forskingssenter for miljøvennleg energi med åtte forskingspartnarar: Samfunn- og næringslivsforskning (SNF), Institutt for energiteknikk, SINTEF, NHH, Universitetet i Oslo, Høgskulen på Vestlandet, og NTNU. Hovudmålet for senteret er å styrke forståinga av økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle sider ved å utvikle og ta i bruk fornybar energi og miljøvenleg teknologi.

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar