Klima og miljø

Omstilling til eit berekraftig og klimarobust samfunn er ei av vår tids største utfordringar. Forskingsgruppa for klima og miljø ved Vestlandsforsking bidreg med ny kunnskap som kan vere med på å løyse denne utfordringa. 

Forskingsområda våre inkluderer tilpassing til klimaendringar, forbruksinnretta forsking på energi og transport, livsløpsanalysar og sirkulærøkonomi i tillegg til naturressursforvaltning og berekraftig lokalsamfunnsutvikling. Ofte tek forskinga utgangspunkt i klima- og miljøutfordringar i regionen vår, samtidig som vi har mange prosjekt med eit nasjonalt eller internasjonalt fokus. Vi har òg ei prosjektportefølje innan klimatilpassing, reiseliv og arealbruk i Arktis.

Klima- og miljøgruppa jobbar tverrfagleg, og i dei fleste prosjekta har vi lagt vekt på involvering og medverknad av brukarpartnarar for å sikre relevans og god effekt av kunnskapen vi produserer. 

I dag tel klima- og miljøgruppa i overkant av 20 forskarar med bakgrunn frå fagområde som naturforvaltning, sosialantropologi, samfunnsgeografi, statsvitskap og planlegging.

 

Publikasjonar

Artiklar

  • Hans jakob og Hilde

    To forskarar ved Vestlandsforsking har teke på seg nye nasjonale forskingsverv. Medan Hans Jakob Walnum er blitt medlem av Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora, er Hilde G. Corneliussen oppnemnd som varamedlem i Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking og høgare utdanning.

  • Gruppe foran kirken i Minsk

    Å invitere innbyggarar inn i lokale planprosessar, er på dagsorden i Europa. Erfaringar frå medverknadsprosessar i ulike land var temaet då forskarane i eit EU-prosjekt Vestlandsforsking leier, møttest i Warszawa.

  • Carlo Aall på Campus Sogndal

    Det første vi som samfunn må gjere er å finne måtar å varsle på, når desse alvorlege vippepunkta er i ferd med å inntreffe, seier Carlo Aall som sjølv bidrog til arbeidet med den dramatiske rapporten.

  • shift-plastics workshop

    Lurer du på kva konklusjonar forskarane trekker etter tre års forsking på plast frå fiskeri og havbruk? No skal funna oppsummerast og delast. Er temaet av interesse, bør du få med deg det digitale sluttseminaret 24. september.

  • Irmelin Gram-Hanssen

    Er du oppteken av korleis Sogndal sitt utfartsområde skal utvikle seg vidare? Bli med når Vestlandsforsking og Sogndal kommune inviterer til open verkstad 3. september!

  • Arendalsuka 2024 telt

    Torsdag 14. august 2025 arrangerer Vestlandsforsking fleire spennande debattar i Arendal. I år set vi søkelys på berekraftig plasthandtering i fiskeri og havbruk, utfordringar knytt til vekst i norsk reiseliv, vippepunkt for klimatilpassing, grenseoverskridende klimarisiko og villreinforvaltning og naturinngrep.

    Vi inviterer òg til ein klimalunsj, der alle som vil er velkomne til ein prat og ein matbit.