Tiande klimaomstillingskonferanse: - Meld deg på før 11. februar og få spesialpris!

– Vi har bede sentrale fagfolk i Norge om å sjå ti år bakover på klimaarbeidet og ti år framover, seier Carlo Aall. Saman med andre aktørar i Vestland inviterer Vestlandsforsking og Noradapt til ei jubileumsutgåve av konferansen Klimaomstilling 6. og 7. mai. Er du rask med å melde deg på, får du spesialpris.
Årets konferanse har tittelen «Tid for endring: Halvveges i tiåret for handling». I 2025 arrangerer den regionale partnarskapen av aktørar på klimafeltet konferansen for tiande gong.
Samstundes er det ti år sidan Paris-avtalen vart underskriven og omgrepet «det grøne skiftet» blei lansert.
Fram til 11. februar kan du melde deg på konferansen og få spesialpris (early-bird)

Ti år fram, ti tilbake
– Vi ser på kva som har fungert dei siste ti åra, men òg på det som står på spel i åra som kjem, fortel klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking, som òg er leiar i Noradapt Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, som Vestlandsforsking driv på vegner av åtte norske fagmiljø som forskar på tilpassing til klimaendringar.
– Dette er den første og lengstvarande arenaen i Norge for systematisk å belyse klimaomstilling som noko kvalitativt annet enn den måten samfunnet har arbeidet med klima, natur og berekraft så langt, seier Carlo Aall.

Korleis få til endring
På jubileumsutgåva av klimaomstillingskonferansen kjem hovudinnleiarane til å ta for seg kva vi må gjere, både på lokalt og globalt nivå, for å oppnå endringane som skal til for å møte klimautfordringane.
– Konferansen vil gje deg verdifull innsikt i kva som er dei grunnleggande samfunnsendringane som må til og perspektiv på den internasjonale klimapolitikken, fortel koordinator Ragnhild Berge Feidje i Vestland fylkeskommune.
Også klimatilpassing
I tillegg blir det innlegg om viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging, kunnskap arrangørane reknar som «essensiell for å forstå og møte dei utfordringane som ligg framfor oss».
Det blir mellom anna arbeidsverkstad om korleis ein kan forstå og analysere ulike former for klimarisiko i ein kommune eller eit fylke, men òg om korleis ein kan utvikle ein klimapolitikk som rettar seg inn mot å få ned utsleppa av klimagassar knytt til privat forbruk.

– Dette er ein konferanse for alle som ønskjer å ta del i debatten om klimaomstillinga og korleis vi kan handle i lag når vi skal utforme ei meir klimarobust framtid, seier Feidje.
Fagleg innblikk og praktisk kunnskap
I høve jubileet blir det òg eit gjensyn med to program-suksessar frå dei to siste åra: klimakveld og klimaspreke aktivitetar. Det første er eit kulturelt program lagt til kveldstid første dag av konferansen. Døme på innslag er aktuelle bokbad, musikk, samtalar eller performancar knytt til klima. På 2024-konferansen var dennorsk-samiske artisten, aktivisten og skodespelaren Ella Marie Hætta Isaksen eitt av trekkplastera. "Klimaspreke aktivitetar" er eit anna namn på ein aktiv pause på ettermiddagen. Dei to siste åra har deltakarane fått velje frå ein meny av guida gåturar, joggeturar og tematiske omvisingar med fagleg tilsnitt i Sogndalsfjøra og fjellsidene rundt.
– Bli med på konferansen – det blir ei inspirasjonsrik og informativ samling, der du får både djupe faglege innblikk og praktisk kunnskap som du kan ta med deg vidare i ditt eige arbeid med klimarelaterte utfordringar, oppmodar konferansekoordinatoren frå Vestland fylkeskommune, og minner om at konferanseavgifta blir lågast dersom du melder deg på før 11. februar 2025.
Meir om konferansen finn du på klimaomstilling.no

Sjå bilete frå 2024-konferansen: