Norsk klimamonitor 2021

Norsk Klimamonitor er ei koordinert datainnsamling på kryss og tvers av samfunnet. Målet er å gi ei løpande og systematisk skildring av arbeidet med, og haldningane til, klimatilpassing. Prosjektet bygger på ei anerkjenning om at alle i samfunnet har eit ansvar: den enkelte, hushald, private føretak og myndigheiter. Prosjektet vil difor samle inn data frå alle desse, i form av ulike spørjeundersøkingar, og gjere resultat opent tilgjengelege for brukarane av Noradapt. I Klimamonitor 2021 vil prosjektet gjennomføre undersøkingar på individnivå, i konsulentnæringa, og på alle forvaltingsnivå.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Noradapt
I samarbeid med:
Plantemangfald AS
Nordlandsforsking
NORCE Norwegian Research Centre AS
DIGSSCORE (Universitetet i Bergen)
Prosjektnummer:
6516-38
Prosjektleiar:
Forskar og stipendiat
Aktuelt:
  • Ung mann med mygg/mikrofon står framfor eit lerret med grafar og kart på

    Ei ny teneste samlar inn og deler ferske data om klimatilpassing frå alle delar av samfunnet. Norsk klimamonitor blir lansert 13. desember, og statssekretær Aleksander Øren Heen frå Klima- og miljødepartementet står for den offisielle opninga.