Resultat frå spørjeundersøking

Prosjektaktivitet
Id:
September 2024

Vestlandsforsking gjennomførte våren 2023 ei spørjeundersøking retta mot energibransjen for å få innsikt i korleis sektoren ser på konsekvensane av klimaendringane. Undersøkinga, som er ein del av Klimamonitor sitt arbeid, tok føre seg både produsentar og distributørar av elektrisk kraft i Noreg. Målet var å forstå haldningane til dei som jobbar i energisektoren når det gjeld korleis eit endra klima påverkar energi systemet i Noreg.

Undersøkinga, som fekk 49 svar frå eit utval på rundt 100  personar, tok for seg fleire sentrale spørsmål knytt til både potensielle positive og negative verknader av klimaendringane på produksjon, distribusjon og bruk av fornybar energi. Spørsmåla dreidde seg også om korleis energibransjen vurderer sin eigen innsats for å redusere klimarisikoen, og korleis samfunnsendringar spelar ei rolle i planlegginga av framtidas energisystem.

Delte meiningar om innsatsen

Eit av resultata er at energibransjen i stor grad erkjenner at klimaendringane allereie merkast. Nesten halvparten av respondentane meiner at vi merkar konsekvensane no, men det er framleis uvisse kring om sektoren gjer nok for å redusere dei negative verknadene. Spesielt innan distribusjon meiner mange at innsatsen ikkje er tilstrekkeleg, medan dei som jobbar med produksjon i større grad føler at dei gjennomfører naudsynte tiltak.

Auka moglegheiter – men også utfordringar

Undersøkinga viser at mange i bransjen ser potensialet for auka kraftproduksjon som ei følgje av klimaendringane. Både vass- og vindkraft kan dra nytte av endringar i nedbør og vindmønster, der heile 84 prosent meiner klimaendringane kan føre til meir vasskraftproduksjon. Men samstundes er det ei sterk uro for tryggleiken i straumforsyninga. Hyppigare ekstremvêr og fare for naturskadar som ras og flaum kan føre til øydelegging av infrastruktur, noko som kan gi store konsekvensar for både produksjon og distribusjon.

Samfunnsendringar like viktige som klimaendringar

Energibransjen ser ikkje berre på klimaet i seg sjølv, men også på korleis samfunnsendringar kan påverke deira arbeid mot ein trygg energiframtid. Fleire enn halvparten av dei spurde seier at dei legg like stor vekt på samfunnsfaktorar som på klimaendringar når dei vurderer risikoen for framtida. Myndigheitskrav, forsyningstryggleik og ressursar til vedlikehald er sentrale tema som sektoren trekk fram som viktige for å forstå og tilpasse seg eit endra klima.

Oppsummert

Energisektoren ser både moglegheiter og utfordringar i eit endra klima. Det er klart at sektoren er bevisst på risikoen, men det er samstundes usikkerheit kring kor godt førebudde dei er. Klimaendringar kjem til å påverke både kraftproduksjon og distribusjon i Noreg, og både samfunnet og infrastrukturen må tilpasse seg for å sikre ein stabil energiforsyning i framtida.

Meiner klimaendringar aukar kraftproduksjonen, men også utfordringane

Energibransjen er usamde om dei gjer nok

Eit endra samfunn er like krevjande som eit endra klima