Lanserer tenesta Norsk klimamonitor
Ei ny teneste samlar inn og deler ferske data om klimatilpassing frå alle delar av samfunnet. Norsk klimamonitor blir lansert 13. desember, og statssekretær Aleksander Øren Heen frå Klima- og miljødepartementet står for den offisielle opninga.
– Kor godt samfunnet vårt lykkast med klimatilpassing er vanskeleg å måle, i motsetning til utsleppsreduksjon, seier Torbjørn Selseng, prosjektleiar for Norsk klimamonitor og forskar ved Vestlandsforsking. I det legg han at effektane av klimaendringane er uføreseielege og det er vanskeleg å finne ut kor dei største behova ligg.
Målet med den nye tenesta, Norsk klimamonitor, er å gjere det enklare å halde oversikt over kva som blir gjort på dette området, og av kven. Med tida vil tenesta gje eit samla, oppdatert bilete av status for klimatilpassing i Norge.
– Medan enkelte delar av samfunnet er grundig undersøkte, manglar vi innsikt i andre, særleg privat næringsliv og hushald, seier Selseng.
Fri bruk
Ferske tal om korleis vi tilpassar oss dei nye realitetane, skal jamleg leggast fram på nettsida. Alle data i Norsk klimamonitor kan lastast ned og brukast fritt.
– Dette er eit viktig bidrag til det norske samfunnet. Både forsking og forvaltning er svoltne på data om korleis arbeidet med klimatilpassing utviklar seg. Det vi legg fram, viser at det dessverre går for seint, seier Carlo Aall, leiar i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt).
Nasjonalt forskingsmiljø står bak
Tenesta er finansiert av Noradapt, eit forskingssenter som sidan etableringa i 2018 har samla landets fremste fagmiljø innan klimatilpassing.
Vestlandsforsking driv dette senteret på vegner av dei sju andre partnarane, som er Høgskulen på Vestlandet, Senter for energi og klimaomstilling (CET) ved UiB, Cicero Senter for klimaforskning, Norce, Nordlandsforskning, NTNU (Institutt for geografi) og Sintef Community.
For meir om Noradapt, gå til noradapt.info.
Digital og fysisk lansering
Lanseringa av tenesta og nettstaden klimamonitor.no skjer 13. desember 2021 i Sogndal. Blant gjestene er statssekretær i klima- og miljødepartementet, Aleksander Øren Heen. Heen står for den offisielle opninga, medan brukarar av tenesta er inviterte til å gje ein kommentar.
Professor Sirkku Juhola ved Univetsitetet i Helsinki, som i haust blei leiar av Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd, trekkjer linjer til andre land.
Arrangementet går både fysisk og digitalt. Det fysiske arrangementet følgjer gjeldande nasjonale retningsliner for smittevern.
Tid: Måndag 13. desember kl. 10–12
Stad: Høgskulebygget, Campus Sogndal i auditoriet «Josten» (1. etasje)
Zoom-lenke: https://us02web.zoom.us/j/85891704496