Kraftoverskot som grønt konkurransefortrinn for lokalt næringsliv i Sogn (KraftSogn)
Vestlandsforsking skal ha ei rolle som ekspertpanel for å gjere overordna analyse av effektane på klimagassutslepp og vurdere moglege tiltak for utsleppsreduksjon i tre arbeidspakker Dei tre arbeidspakkane er:
Kartlegging av dei store utsleppssektorane
Gjennom intervju og dialogmøter med næringslivet få djupare innsikt i utsleppsproblematikken og moglege løysingar for å redusere utsleppa. Arbeidspakken er tett kopla med Sogndal kommune sitt prosjekt for å hente inn kunnskap om dei store utsleppskjeldene i kommunen. Vestlandsforsking blir brukt som ekspertpanel for å gjere overordna analyse av effektane på klimagassutslepp og vurdere moglege tiltak for utsleppsreduksjon.
Det grøne potensialet i digitalisering og automatisering
Gjennom intervju og dialogmøte med næringslivet, verkemiddelapparat og tilgjengeleg litteratur skal me anslå kva som kan bli framtidas automatiserte prosessar, sannsynlege energibehov og potensielle utsleppsreduksjon. Vestlandsforsking blir brukt som ekspertpanel for å gjere overordna analyse av effektane på klimagassutslepp og vurdere moglege tiltak for utsleppsreduksjon.
Sirkulære verdikjeder med utgangspunkt i fornybar energi
Gjennom møter med næringsliv skal det vurderast kva slags lokale ressursar som kan utnyttast betre eller brukast på nytt ved hjelp av fornybare energikjelder. Vestlandsforsking blir brukt som ekspertpanel for å gjere overordna analyse av effektane på klimagasseffekt og vurdere moglege tiltak for utsleppsreduksjon.
Administrativ prosjektleiar er Line Bjelde ved Sogn Næring