Stort energiprosjekt med nytt doktorgradsstipend

Ung kvinne og middelaldrande mann smiler, ute
Saman med Norce Klima, Sintef, Institutt for energiteknikk, og Universitetet i Aalborg har Vestlandsforsking fått 12 millionar kroner frå Norges forskningsråd til å finne ut kva former for fysisk klimarisiko som kan oppstå ved overgangen til et hundre prosent fornybart energisystem. Forskar Tara Botnen Holm blir ph.d.-stipendiat i prosjektet, og Carlo Aall skal leie forskingsprosjektet. Foto: Idun A. Husabø

Energimarknaden i Europa er i rask endring, og målet er at sol, vind og vatn skal overta hovudrolla innan midten av hundreåret. Med det vil òg risikobiletet endre seg. Ei ny tildeling på 12 millionar kroner gjer at Vestlandsforsking blir blant dei første som forskar på temaet.

– Eg sov ikkje særleg mykje i natt, smilte forskar Tara Botnen Holm matt dagen etter den hyggelege, men noko uventa beskjeden. Saman med Norce Klima, Sintef, Institutt for energiteknikk, og Universitetet i Aalborg har Vestlandsforsking fått 12 millionar kroner frå Norges forskningsråd til å finne ut kva former for fysisk klimarisiko som kan oppstå ved overgangen til et hundre prosent fornybart energisystem og kva tiltak som er aktuelle for å redusere risikoen.

For Holm betyr tildelinga at ho kan gå i gang med ein doktorgrad, attpåtil om eit tema som interesserer ho sterkt: kraftmarknaden og energisystemet. I masteroppgåva frå NMBU fordjupa ho seg i den nordiske kraftmarknaden.

– Det er ekstra kjekt å kunne ta ein ph.d. basert på utdanninga mi og det eg har jobba med på Vestlandsforsking, nemleg klimatilpassing, seier Holm. Ho kom til instituttet i 2021 frå ei stilling i Rogaland fylkeskommune. Der var ho klimakoordinator, og hadde mellom anna ansvar for utarbeidinga av fylkeskommunen sin første regionale plan for klimatilpassing.

Nytt risikobilete

Kjernen i det nye prosjektet er altså at eit kvart energisystem kan bli utsett for påkjenningar som får det til å svikte eller yte dårlegare enn tenkt. Energisystemet vårt står overfor store endringar: for kvart år vi kjem nærare 2050, skal det vere ha ein større andel fornybar energi. Spørsmålet forskarane skal fordjupe seg i, er korleis den fysiske klimarisikoen vil vere når det meste av energien kjem frå sol, vind og vatn.

– Vi vil jo i framtida vere veldig avhengige av klimaet – at det faktisk er vatn i magasina, at sola skin og vinden bles, seier Holm.

Forskarane bak søknaden har gått gjennom den internasjonale forskingslitteraturen på temaet, som viser at det finst svært mykje kunnskap om korleis vi skal få til overgangen frå dagens fossil-baserte energisystem til det framtidige, der fornybar energi til slutt skal vere einerådande. Gjennomgangen viste samtidig at det finst overraskande lite kunnskap om kva former for fysisk klimarisiko som kan oppstå i kjølvatnet av denne overgangen og kva som bør gjerast for å unngå den.

Bransjen trur risikoen går ned

Kva kan vere eit eksempel på at klimaendringane stikk kjeppar i hjula for energimarknaden?

– Med meir fornybar energi, vil meir straum gå i straumkablar. Dei kan vere sårbare for meir ekstremvêr, forklarer Tara. Ho legg til at samansett risiko, altså ein uheldig kombinasjon av faktorar, òg kan spele inn. Som når det bles lite i Europa, vassmagasina i Norge har lite vatn og det er krig i Ukraina.

– Vi har gjort ein forstudie som viser at representantar for kraftbransjen i Norge trur klimarisikoen vil minke, ikkje auke, ved overgang til eit fornybart energisystem. Undersøkinga blei gjennomført året før straumkrisa vi er inne i no, byrja å vise seg i Norge, seier Carlo Aall, som skal leie prosjektet.

Fleire aktørar i kraftbransjen og andre brukarpartnarar skal vere med i prosjektet: Huseiernes landsforening, Norsk elbilforening, Tibber, Norsk Varmepumpeforening, Småkraftforeningen, Samfunnsbedriftene, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Til saman har dei teke på seg å delta med ein arbeidsinnsats som tilsvarar 1,2 millionar kroner.