Knytte nye band til India
Vestlandsforsking håpar på samarbeid med indiske forskarar i åra som kjem. I februar var professor Rajendra Akerkar deltakar på ei norsk delegasjonsreise til New Delhi og Chennai. Undervegs knytte han nye band og friska opp gamle.
Den norske delegasjonsreisa var organisert av Kunnskapsdepartementet, Noregs forskingsråd og Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning. Invitasjonen til å delta gjekk til alle norske forskings- og utdanningsaktørar, og både Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet deltok, mellom anna saman med Universitetet i Tromsø og NTNU.
Programmet opna 3. februar i New Delhi med ei mottaking ved den norske ambassaden og vart avslutta 6. februar med akademiske seminar i Chennai, Indias fjerde største by (tidlegare kalla Madras).
Nye band til heimlandet
Professor Rajendra Akerkar, som i dag leier Vestlandsforsking si stordata-forsking, kjem frå India. Han kom til Vestlandsforsking i 2009, etter å ha arbeidd ved ulike universitet i Asia, Europa og Nord-Amerika. Det er difor lenge sidan han sist samarbeidde med indiske forskingsmiljø, og han fann det svært interessant å få ein slik sjanse til å knyte nye kontaktar.
Eit viktig element på turen var å treffe indiske motstykke til dei norske institusjonane, med god hjelp frå arrangørane og den norske ambassaden. Medan mange underteikna samarbeidsavtalar, såkalla MoUs eller memorandum of understanding, var Vestlandsforsking deltakar utan eit spesifikt mål – men med augene opne for interessante forskingspartnarar.
Håpar på utlysingar
Det akademiske programmet, som heng saman med Norge in offisielle India-strategi fram mot 2030, la vekt på forskingstema som smarte byar, berekraftige samfunn, fornybar energi, klima og hav. Som IT-forskar jobbar Rajendra med samfunnsspørsmål gjennom data, t.d. stordata som reiskap for å gjere transport meir berekraftig eller for å hjelpe samfunnet med å takle krisehendingar. Likevel var det nyttig å delta, seier han:
– Det var fruktbart fordi vi fekk ei forståing av kva som går føre seg på dei ulike områda. Vi fekk knytt nye band I India, samtidig som vi fekk oversikt over kven som gjer kva, både i Noreg og i India, seier han, og legg til at han håpar at Forskingsrådet og EU vil komme med relevante utlysingar der det òg blir lagt opp til å trekke inn indiske partnarar.
Interessante møte i Chennai
For å oppsøke forskingsmiljø med ein profil som liknar hans eiga forskingsgruppe, vitja Rajendra Robert Bosch Centre for Data Science and Artificial Intelligence (RBC-DSAI) den siste dagen av reisa. Senteret er nokså nytt, grunnlagt i 2017, og er ein del av universitetet IIT Madras. Senteret har som visjon å byggje vidare på forsking, utdanning og andre samarbeid knytt til datavitskap og kunstig intelligens.
Ein annan aktør som skilde seg ut, var IIT Madras Research Park, eit frittståande forskingsmiljø med vekt på inkubatorar og gründerverksemd. Der fekk deltakarane på delegasjonsreisa møte den kjende professoren Ashok Jhunjhunwala, ein føregangsfigur når det gjeld å føre næringslivet og universiteta i India tettare saman gjennom forskingssamarbeid.
Direktør Anders-Johan Almås er nøgd med at instituttet søker samarbeid i India og håpar turen kan munne ut i nye prosjekt.
– Vestlandsforsking har lange tradisjonar for internasjonalt forskingssamarbeid. Delegasjonsreisa til India er både strategisk og fagleg nyttig for å byggje internasjonale og nasjonale nettverk med mål om nye, store forskingsprosjekt i åra som kjem.