Vil ha svar frå innbyggjarar om sommaren utan cruiseturistar

Foto
Two researchers at WNRI, Agnes B. Engeset and Anna Maria Urbaniak-Brekke, will be collecting and analysing responses from the cruise destinations in Western Norway concerning the abnormal summer of 2020.

Små bygder på Vestlandet som vanlegvis tek imot cruiseskip, har hatt ein nokså annleis sommar i 2020. Også byar med cruisehamn har vore nesten utan anløp. No ynskjer Vestlandsforsking å finne ut korleis innbyggarane opplevde at cruiseturistane uteblei. Bur du på dei utvalde stadene? Då vil forskarane gjerne høyre ditt syn på saka.

Sjølv om heile Vestlandet har vore prega av koronapandemien i sommar, har særleg stader med cruisehamner vore annleis på grunn av fråværet av cruiseturistar. I ein ny studie ønskjer forskarane å vite korleis innbyggjarane i eit knippe cruisehamner på Vestlandet har opplevd sommaren. Dette gjeld Ålesund, Geiranger, Hellesylt, Nordfjordeid, Olden, Flåm, Bergen, Eidfjord, Haugesund og Stavanger.

Konsekvensar av pandemien

Undersøkinga er del av eit forskingsprosjekt, Ecovet (Effektar frå covid-19 på cruiseturisme til Vestlandet), der målet er å kartlegge følgjene av ein sommar utan cruiseturistar. Forskarane ser både på økonomi og miljø, i tillegg til å kartlegge korleis innbyggjarar i cruisedestinasjonane har opplevd at det ikkje kom cruiseturistar i land. Svara forskarane kjem fram til i denne delen av studien, vil vere viktige for cruisedestinasjonar som må tilpasse seg korona-pandemien på kort og kanskje lang sikt.

Studien er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, som arbeider med ein handlingsplan for cruise på Vestlandet. Finansieringa kjem frå Regionalt Forskingsfond Vestland.

Vil du delta?

Undersøkinga er nettbasert og det tek ca. 5-10 minutt å svare: https://www.surveymonkey.com/r/utencruiseturisme