Digital klimaomstillingskonferanse - Dag O. Hessen hovudnamn

Foto
Dag O. Hessen is the main speaker at the digital version of the conference #Klimaomstilling2020 on 23 September 2020. (Foto: Tor G. Stenersen)

Alt før koronaviruset stod verda på vippepunktet – så kor går vegen ut av krisa? Forfattar og professor Dag O. Hessen er ein av hovudtalarane på årets utgåve av konferansen #Klimaomstilling, der Vestlandsforsking og Noradapt er blant arrangørane. Konferansen blir i år heildigital, med direktesending frå Sogndal 23. september.

Koronaviruset, som lamma samfunnet i mars og april, viste oss at ting vi aldri hadde sett for oss, faktisk kunne skje – jobbing utan reising, ein himmel utan fly. Men vil koronakrisa vere godt eller dårleg nytt for natur og klima?

Og når krisa slepp taket, er vi då klokare enn før?

Vippepunkt

Årets konferanse, som blir digital og går over ein dag, har Dag O. Hessen som hovudnamn. Hessen er professor i biologi og leiar for eit tverrfagleg forskingssenter ved  Universitetet i Oslo, Senter for biogeokjemi i Antropocen.

Hessen er kjend for sterkt samfunnsengasjement, forståeleg fagformidling og høg aktualitet. Biologen har gitt ut eit tjuetals sakprosabøker, mange i skjeringspunktet mellom natur, miljø og filosofi. I 2020 kom «Verden på vippepunktet», som han tek utgangspunkt i på #Klimaomstilling 23. september.

I "vippepunkt" ligg at menneskeskapte klimaendringar truleg kan nå eit punkt der vi set i gang mekanismar som gjer det vanskeleg å rette opp att i problema. Men også inni oss skjer det endringar. Erfaringane frå koronatida har kanskje vist at vi kan endre oss i tide? Og viss ikkje, kor ille blir det?

Erfaringane vi har gjort oss med koronaviruset i 2020 gjer det ikkje mindre spennande korleis verda utviklar seg vidare.

Klimarisiko

Det vanlege formatet for #Klimaomstilling har vore to konferansedagar innleia av ein ekskursjon. Årets digitale konferanse blir langt kortare, med eit program som passar inn i heimekontor-formatet. Den første av to bolkar handlar om klimarisiko, og omfattar tema som vatn på avvege og klimasårbarheit ved framtidas 100 prosent fornybare kraftproduksjon.

For arealplanleggearar i kommunar, fylkeskommunar og andre verksemder, vil innlegget frå Rogaland fylkeskommune gi innblikk i korleis regionale og lokale styresmakter på ein praktisk måte kan analysere klimarisiko.

Gjennom eit internasjonalt prosjekt har fylkeskommunen prøvd ut ein metode som på norsk kan kallast «verknadskjede-analyse». To store fordelar peikar seg ut med metoden: Det er lett å trekke inn folk som kjenner området ein kartlegg og ein får effektivt utnytta lokalkunnskap til å synleggjere klimarisiko.

Klimarettferd

Benjamin K. Sovacool (Vestlandsforsking)
Benjamin K. Sovacool (Vestlandsforsking)

Den andre delen av konferansen tek oppatt tråden frå bompengedebatten og ferjeopprøret på Vestlandet: Korleis gjere klimapolitikken sosialt rettvis? Til å starte denne diskusjonen har vi fått Benjamin Sovacool – ein av dei som internasjonalt publiserer flest vitskaplege artiklar på klimaområdet, professor II ved Vestlandsforsking. Han er til dagen professor i energipolitikk ved University of Sussex Business School.

Sovacool vil gå gjennom den internasjonale diskusjonen om klimapolitikk og rettferd. Etterpå får vi innlegg frå ulike sider ved den norske debatten om det same temaet.

Virtuell sofadiskusjon

Til slutt set vi fram en virtuell sofa og går tilbake til opningsforedraget om verda og klimapolitikken etter koronaviruset sitt inntog.

I sofadiskusjonen møter vi att hovudtalar Dag O. Hessen. I tillegg deltek Helene Frihammer frå organisasjonen Klimapartnere Vestland og skribent og statsvitar Bente Aasjord. Dei tre snakkar vidare om korona- og klimakrisa. Har vi lært noko vi kan bruke i innsatsen for klimaomstilling?

Diskusjonen blir leia av Carlo Aall, leiar av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt).

Nytt for alle

At konferansen er digital, kan bety at mellom 100 og 200 deltakarar følgjer det som skjer på nettet. Det er ei ny erfaring for arrangørane.

- Vi er i gang med å undersøke kva slags plattformer som gir den beste opplevinga når så mange er kopla på over lang tid, seier Tone Rusdal ved Vestlandsforsking og Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt).

I gruppa deltek i tillegg til Vestlandsforsking òg Høgskulen på Vestlandet, Vestland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland. Dei jobbar på vegner av den breiare, regionale partnarskapen som sidan skipinga av Vestland fylke har gått saman om den nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal.

Sjå konferansen si nettside her