Klima og miljø

Omstilling til eit berekraftig og klimarobust samfunn er ei av vår tids største utfordringar. Forskingsgruppa for klima og miljø ved Vestlandsforsking bidreg med ny kunnskap som kan vere med på å løyse denne utfordringa. 

Forskingsområda våre inkluderer tilpassing til klimaendringar, forbruksinnretta forsking på energi og transport, livsløpsanalysar og sirkulærøkonomi i tillegg til naturressursforvaltning og berekraftig lokalsamfunnsutvikling. Ofte tek forskinga utgangspunkt i klima- og miljøutfordringar i regionen vår, samtidig som vi har mange prosjekt med eit nasjonalt eller internasjonalt fokus. Vi har òg ei prosjektportefølje innan klimatilpassing, reiseliv og arealbruk i Arktis.

Klima- og miljøgruppa jobbar tverrfagleg, og i dei fleste prosjekta har vi lagt vekt på involvering og medverknad av brukarpartnarar for å sikre relevans og god effekt av kunnskapen vi produserer. 

I dag tel klima- og miljøgruppa i overkant av 20 forskarar med bakgrunn frå fagområde som naturforvaltning, sosialantropologi, samfunnsgeografi, statsvitskap og planlegging.

 

Publikasjonar

Artiklar

  • Arendalsuka 2024 telt

    Torsdag 14. august 2025 arrangerer Vestlandsforsking fleire spennande debattar i Arendal. I år set vi søkelys på berekraftig plasthandtering i fiskeri og havbruk, tolegrenser for turisme, vippepunkt for klimatilpassing, grenseoverskridende klimarisiko og villreinforvaltning og naturinngrep.

    Vi inviterer òg til ein klimalunsj, der alle som vil er velkomne til ein prat og ein matbit.

  • Alexandra - kvinneleg forskar - framfor blomstrande busk

    Pandemien tømde Svalbard for tilreisande, men blant dei få som blei verande, var Alexandra Meyer, Vestlandsforsking sitt nyaste tilskot. Slik vart det korte feltarbeidet til ein doktorgrad om korleis innbyggarane på Norge sin arktiske utpost lever medan samfunnet og naturen rundt dei går gjennom store endringar.
    – Etter mitt syn er det kjempeviktig at antropologien er med i klimaomstillinga, seier Alexandra.

  • Student med rettleiarar og sensor

    Vestlandsforsking rundar i år av eit større forskingsprosjekt om sirkulærøkonomi med brei deltaking frå brukarpartnarar i fiskeri- og havbruksnæringa. I denne tematikken fann masterstudent Dikshya Regmi ei problemstilling ho ville utforske.

  • Direktør Anne Karin Hamre opnar konferanse

    Den urolege situasjonen på den internasjonale scenen var merkbar under den tiande utgåva av konferansen #Klimaomstilling i Sogndal 6.-7. mai.
    – Det som skjer rundt oss, er frykteleg alvorleg. Det er heilt avgjerande at vi i Europa klarer å samle oss og syne leiarskap no, sa direktør Anne Karin Hamre ved Vestlandsforsking då ho opna konferansen.

  • Kvinneleg forskar forklarer og peikar på kart over fjellområde

    Vestlandsforsking er i ferd med å bygge seg opp på eit nytt felt innan klima- og miljøforsking. I to større prosjekt er temaet korleis endringar i arealbruk kjem i stand og korleis slike prosessar kan bli meir rettferdige.
    – Areal er nøkkelen til å løyse både klima- og naturkrisa, seier prosjektleiar Halvor Dannevig.

  • Middelaldrande mann i skjorte med briller står ute, ser i kamera

    Vestlandsforsking har gått vidare i konkurransen om å få etablere nasjonale forskingssenter på kunstig intelligens. Før helga vart det kjent at instiuttet er med i tre av søknadene som er valde ut til å gå vidare til det siste steget i Forskingsrådet sin prosess.
    – Utruleg gledeleg, seier direktør Anne Karin Hamre.