Nytt verktøy hjelper kommunar med å vurdere klima- og naturrisiko  

Årdal - ovanfrå
Årdal sett ovanifrå. Foto: Rigmor Øygarden

Kor stor er faren for flaum og stormflo? Kor sårbar er kommunen når ekstremvêret treff? Og kor utsett er det lokale næringslivet for ei dobling av straumprisen? Eit nytt verktøy gir den enkelte kommunen høve til å vurdere eigen klima- og naturrisiko.

«Ekstremvêr som kan leie til flaum og skred vil skje oftare i fremtida, det forårsakar store økonomiske, sosiale og miljømessige utfordringar for lokalsamfunn og næringsliv. Det er viktig at kommunane førebur seg og vurderer farar og konsekvensane av dei, slik at dei kan tilpasse seg til eit endra klima» sier forskingsleiar i Norce, Marie Pontoppidan. 
 
Saman med Marta K. Jansen og Carlo Aall i Vestlandsforsking, og Elisabeth Angell frå Norce, har Pontoppidan utarbeidd eit verktøy som gir den enkelte kommune høve til å vurdere klima- og naturrisiko i kommunen deira.

Carlo i t-skjorte
Carlo Aall er leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking og senterleiar i Noradapt. Foto: Idun A. Husabø

 
«Men det er meir enn ‘klima’ som er i endring. Naturen endrer seg, særleg på grunn av at vi stadig bygger ned areal. Det same gjer både natur- og klimapolitikken, som òg kan skape konsekvensar lokalt. Målet har vore å skape eit verktøy som set kommunar i stand til å vurdere risikoen som følgjer med klimaendringar, tap av naturmangfald og omstilling av samfunnet. I tillegg har målet vore å gjere verktøyet så forståeleg at kommunane kan ta det i bruk utan hjelp frå forskarar,» fortel Carlo Aall, som har vore fagleg leiar på rapporten ‘Analyse av klimarisiko og naturrisiko – Forslag til samla metodikk med eksempel på analyse frå Årdal kommune og Hydro Årdal’.

Årdal som case

Årdal vart landskjend tidlig på 1960-tallet som følgje av store skader på skog, husdyr og hjort på grunn av fluorutslepp frå den lokale aluminiumsfabrikken. I fjor haust råka ekstremvêret «Jakob» store delar av Vestland. Årdal, innerst i Sognefjorden, var blant stadene som blei hardt råka. 100 personer blei evakuerte. To år tidlegare truga ein annan flaum med å øydelegge kulturminne i kommunen.  
 
«Vi veit at vi ligg i eit geografisk område med risiko for ekstremvêrhendingar. Vi veit òg at befolkning, bygg og infrastruktur er sårbare for desse hendingane. Vi har allereie mista arbeidsplassar på grunn av omstillingsrisiko. Samtidig er vi òg sårbare for andre typar hendingar som har å gjere med natur- og klimapolitikk, og difor ønskte vi eit større kunnskapsgrunnlag som vi kan forankre slik at vi kan førebu oss best mogeleg på framtidas klima», seier Stine Ohrvik, miljørådgjevar i Årdal kommune og koordinator på dette prosjektet.
 
I rapporten blir Årdal brukt som casekommune for å illustrere den praktiske bruken av det nye verktøyet. I konklusjonane kjem det mellom anna fram at tap av snø og flaum er to klimafarar som Årdal scorar høgt på samanlikna med andre kommunar. I tillegg vil ein større del av befolkninga i Årdal vere sårbare overfor ekstremvêrhendingar i framtida. Rapporten peiker dessutan på at dersom flaum eller skred treff stader med forureining, kan det føre til at miljøgifter blir spreidde i naturen.

Natur- og klimakrisene må løysast i samanheng

Forskarane har for første gang utarbeidd eit verktøy som kommunar kan bruke for å undersøke risiko relatert til naturtap og betydninga naturtap får for menneske og lokalsamfunn. Kommunane må identifisere viktige naturområde, slik som nasjonalparkar og vassdrag og kva for viktige artar som lever her – til dømes villrein- og laks.  
 
«Når vi bygger ut nye vegar, hytter, hus eller vindturbinar, er det oftast naturen som taper. Når nye areal blir bygde ned, er det med på å forverre dei negative effektane av klimaendringane. Klima- og naturkrisa må løysast i samanheng,» seier seniorforskar i Norce, Elisabeth Angell.  
 
I tillegg til viktige naturområde og artar, er naturressursar også viktige for å vurdere naturrisiko.

Marta
Marta K. Jansen er forskar ved Vestlandsforsking


 
«Når kommunane vurderer naturrisiko, er det relevant å sjå på alt utførte utbyggingar, slik som utbygging av vasskraft med demningar, regulerte vassdrag og flaumførebygging, men også hyttefelt i fjellet. I Årdal spelar vasskraft ei viktig rolle, med Hydro som den ubetinga største arbeidsplassen i kommunen. Både Hydro og kommunen er avhengige av naturressursar, difor er dette òg med i analysen av Årdal,» fortel Marta K. Jansen i Vestlandsforsking, som er medforfattar av rapporten.
 
Vik kommune står no klar til å teste ut verktøyet og vere ein slags prøvekommune, men sjølv om verktøyet primært er blitt utvikla for kommunar på Vestlandet, er det òg relevant for andre kommunar i Norge, understrekar forskarane.  

Prosjektet starta våren 2024 og er blitt finansiert med midlar frå Årdal kommune, Vestland fylkeskommune, Miljødirektoratet og Hydro Årdal. Fagleg ansvarleg for prosjektet har vore Vestlandsforsking (prosjektleiar) og Norce.