Sjåast vi på Arendalsveka?

Arendalsuka 2024 telt

Torsdag 14. august 2025 arrangerer Vestlandsforsking fleire spennande debattar i Arendal. I år set vi søkelys på berekraftig plasthandtering i fiskeri og havbruk, utfordringar knytt til vekst i norsk reiseliv, vippepunkt for klimatilpassing, grenseoverskridende klimarisiko og villreinforvaltning og naturinngrep.

Vi inviterer òg til ein klimalunsj, der alle som vil er velkomne til ein prat og ein matbit.

Dette er tredje året på rad at Vestlandsforsking er til stades i Arendal under den store menneskemønstringa. I år stiller heile åtte forskarar frå Vestlandsforsking opp, nokon nye og andre som har vore med før.

– Vi gjer dette for å synleggjere den spennande forskinga som skjer på Vestlandsforsking, og for å løfte problemstillingar som er viktige nasjonalt, seier Anne Karin Hamre, direktør i Vestlandsforsking.

Arrangementa går føre seg i bakgarden til GRID-Arendal (2. etasje) på Teaterplassen 3 i Arendal. Alle arrangementa vert strøyma. 

 

Korleis kan vi oppnå ei berekraftig handtering av plast i fiskeri og akvakultur?

kl. 9.00–9.45

Korleis kan vi oppnå ei meir berekraftig handtering av plast i fiskeri og havbruk? I denne debatten vil vi diskutere korleis eit utvida produsentansvar, der dei som produserer plast òg må bidra aktivt til at plasten blir gjenvunnen, bør utformast for å fremje berekraftige sirkulære verdikjeder. Hans Jakob Walnum (Vestlandsforsking), Megan Palmer-Abbs (Nordlandsforskning) og Helene Øyhagen Lindberg (Framtidens industri) innleier med å presentere funn frå forskingsprosjektet Shift-Plastics.

Deretter blir det debatt med dei tre innleiarane og Even T. Sagebakken, statssekretær (Ap) for fiskeri- og havministeren, om kva for praktisk politikk som bør til for å redusere plastbruken og mengda plastavfall frå fiskeri og havbruk.

Les meir

Debatt 2024
Frå ein debatt på Arendalsuka 2024. Foto: Vestlandsforsking

Vippepunkt for klimatilpassing

kl. 10.00–10.45

I ei uroleg verd der det er meir usikkerheit rundt klimamål og ambisjonar, må vi ta omsyn til verstefalls-scenario for klimagassutslepp. Så langt har «vippepunkt» fyst og fremst vore belyst i den naturfaglege klimaforskinga, med analysar av korleis effektane av klimaendringar kan få klimasystema til å nå eitt eller fleire «vippepunkt» som set i gang dramatiske konsekvensar som ikkje let seg stoppe. I denne debatten vil vi utfordre berøringsangsten for vippepunkt innan samfunnsforsking og politikk. Vi spør korleis samfunnet bør stille seg til denne typen dramatiske utsikter og utslag av klimaendringane. 

Leiande seniorforskar og leiar av Noradapt, Carlo Aall (Vestlandsforsking/Noradapt) leier debatten, der også Kikki Kleiven (Bjerknessenteret), Kristoffer Hansen (statssekretær i Klima- og miljødepartementet (Ap)), Thina M. Saltvedt (Nordea) og Brigt Dale (Nordlandsforskning/Noradapt) vil delta. Før debatten vil Frank Berkhout, professor ved King’s College i London, halde eit innlegg.

Les meir

 

Vekst i reiselivet: gode inntekter, men høge utslepp og slitne lokalsamfunn. Kvar går vegen vidare?

kl. 11.00–11.45

2024 var eit rekordår for overnattingar i Noreg, og veksten er venta å halde fram, med utanlandske besøkande som ei viktig gruppe. Pilene peiker oppover, men veksten er ikkje uproblematisk. Trass i at Norge har forplikta seg til å bli eit lågutsleppssamfunn innan dei neste 30 åra, ser vi få tiltak som verkeleg monnar. For å nå klimamåla må samfunnet gjennom ei djup omstilling og kutt i klimagassutslepp har vist seg å vere særskilt utfordrande for reiselivsnæringa.

Kristin Løseth (Vestlandsforsking) vil presentere frå prosjektet TourRisk og presentere tilrådingar for korleis vi kan få ned utsleppa frå reiselivet. Stein Ove Rolland frå Fjord Norge vil peike på kva slags utfordringar næringa sjølv ser knytt til veksten. Deretter inviterer vi til debatt om kor vidt vi treng sterkare nasjonale føringar for å handtere veksten i reiselivet.

Les meir

 

Klimalunsj: Diskuter klima- og miljøspørsmål over ein matbit!

kl. 12.00–13.00

Ved lunsjtid inviterer Vestlandsforsking og Noradapt til ein klimalunsj med gratis påsmurd lunsjmat, der du er velkommen til å prate med oss om viktige klima- og miljøspørsmål. Klimarisiko, naturtap, forbruksreduksjon, energibruk, forureining, klimatilpassing eller framtidas reiseliv er berre nokre av temaa vi er interesserte i. Forskarane våre og dei vi samarbeider med, har ekspertise på ei rekkje miljø- og klimaspørsmål, og dei vil gjerne høyre frå deg. Ta lunsjen hos oss!

Les meir

 

Klimarisiko, handel og sikkerheit: når fleire kriser skjer samstundes

kl. 13.00–13.45

Når verdssituasjonen er utstabil og oppslutninga rundt ein ambisiøs klimapolitikk går ned, kan det fort oppstå situasjonar der kriser knytt til sikkerheit og klima skjer samtidig og forsterkar kvarandre. Debatten vi inviterer til, tek opp samanhengen mellom arbeidet for å styrke totalberedskapen og redusere grenseoverskridande klimarisiko, dvs. problem som blir utløyste av klimaendringar i eitt land og får konsekvensar i andre land, for mange ein «ny» type klimarisiko. Eit mykje brukt døme er reduserte soyaavlingar i Brasil som følge av klimaendringar, som gir dyrare kraftfôr for dei som driv husdyr- eller fiskeoppdrett i Noreg.

Katy Harris (Stockholm Environment Institute), Brigt Dale (Nordlandsforskning) og Marta K. Jansen (Vestlandsforsking) vil innleie om samanhengar mellom global sikkerheit, grenseoverskridande klimarisikoar og utmarksbasert husdyrproduksjon.

Deretter vil Haavard Stensvand (Statsforvaltaren i Vestland), Grete Hovelsrud (Nordlandsforskning), Ola Borten Moe (Sp – ikkje stadfesta) og Sofie Marhaug (Raudt – ikkje stadfesta) diskutere samanhengar mellom totalberedskap og grenseoverskridande klimarisiko, og korleis vi kan handtere desse utfordringane under eitt.

Les meir

 

Vil Noreg ofre villreinen på allemannsretten og hytteutbygginga sitt alter?

kl. 14.00–14.45

Situasjonen for villreinen i Noreg er spesielt alvorleg, også i verneområda. Halvparten, eller 12 av 24 område med villrein, er rekna å ha dårleg kvalitet, medan 11 har middels kvalitet. Miljødirektoratet har utforma forslag til endring av naturmangfaldlova for at andre enn regjeringa skal kunne innføre fødselsreguleringar i villreinområde. Er dette nok for å senke presset tilstrekkeleg til at villreinen skal overleve på lang sikt? Villreinen er også truga av utbygging av skianlegg, hytter, fornybar energi og vegar både i randsonene av og inne i villreinområda. I forskingsprosjektet NyVest, leia av Vestland fylkeskommune, har Vestlandsforsking sett på kvifor vi gjennomfører utbyggingar i natur som trugar naturmangfaldet trass i god kjennskap til konsekvensane.

Eivind Brendehaug (Vestlandsforsking), Lena Romtveit (Norsk villreinsenter) og Snorre Waage (Vestland fylkeskommune) gir kvar si innleiing. Til ein debatt om villreinen si framtid stiller statssekretær Kristoffer Hansen frå Klima- og miljødepartementet (Ap), Samson Hamre, leiar i det nasjonale villreinrådet, og Ingeborg Wessel Finstad frå DNT.

Les meir