Bidrog til ny internasjonal rapport om vippepunkt

Carlo Aall på Campus Sogndal

Det første vi som samfunn må gjere er å finne måtar å varsle på, når desse alvorlege vippepunkta er i ferd med å inntreffe, seier Carlo Aall som sjølv bidrog til arbeidet med den dramatiske rapporten.

Klimaendringane kan i verste fall på lang sikt føre til uoppretteleg skade på naturen, som vil få svært dramatiske konsekvensar for oss menneske. "Desse konsekvensane vil gå langt utover dei endringane vi allereie ser i dag, med litt meire flaum og meir varme og sånt" seier den erfarne klimaforskaren.

Særleg trekk han fram svekking eller stans i Golfstraumen som eit mogleg vippepunkt med katastrofale følgje for oss i Noreg. Sjølv om dette er eit usannsynleg scenario meiner Aall at vi må byrje å tenkje på korleis ein kan førebu seg. «Sjølvsagt må vi styrke innsatsen for å unngå dette ved å redusere utslepp, men vi må samstundes undersøke om det går an å leve med, eller tilpasse seg nokon av desse konsekvensane» fortel Aall i videoen. Først av alt foreslår han å finne måtar ein kan leite etter signal om at desse vippepunkta er i ferd med å inntreffe, sokalla "early warning systems". 

 

Sjå Carlo sine viktigaste lærdommar frå arbeidet med rapporten her:

Aall bidrog som medforfattar til den andre globale rapporten om klimatiske vippepunkt, som utkom i oktober i år og som du kan lese i sin heilskap her. Aall seier at det har vore eit skremmande arbeid å sette seg grundig inn i konsekvensane av vippepunkt som kan følgje av klimaendringane. «Men nokon må jo varsle om dette for å førebu oss på dei store konsekvensane som kan kome av klimaendringane» påpeiker forskaren. 

 

Foto: Idun Husabø og Tone Rusdal (bakgrunnsbilde i film)