Nivået på dei norske - og globale - utsleppa av klimagassar er langt frå å utvikle seg i den retninga som FNs klimapanel seier er naudsynt om verda skal nå målet om maksimalt 2 grader global oppvarming. Norge er også langt frå å gjennomføre dei tiltaka som er naudsynte for å tilpasse samfunnet til verknadane av dei forventa klimaendringane.

Den siste hovudrapporten frå FN sitt klimapanel må forståast slik at tida er i ferd med å renne ut for at samfunnet kan klare seg med «justeringar» for å kome seg ut av klimaproblema; samfunnet må førebu seg på den situasjonen at det kan bli naudsynt å gjere radikale omstillingar. Det trengst eit krafttak for å få oversyn over dei langsiktige omstillingsutfordringane klimaproblemet fører med seg for norske lokalsamfunn, og det trengst eit krafttak for å utvikle strategiar for korleis lokalsamfunna på sikt kan omstille seg til å møte desse utfordringane.

Den overordna ideen i prosjektet «Samhandling for grønt skifte» er få fram ny kunnskap om vilkåra for at kommunane kan spele ein viktig rolle i arbeidet med å klimaomstille samfunnet, og samstundes leggje til rette for at dette kan skje i dei kommunane som er involvert i prosjektet. Men kommunane er ikkje i stand til å løyse denne oppgåva aleine. Prosjektet vil difor utvikle nye former for tettare samarbeid mellom lokale og regionale styresmakter som tek i bruk den nyaste klimakunnskapen innafor rammene av dagens system for overordna planlegging og samfunnsutvikling. Stikkordet for denne nye måten å arbeide på er «samhandling».

Info frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, 03.10.2016

I media: artikkel Samanslåingboom kan hindre klimaomstilling

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Regionalt forskingsfond Vestlandet
Prosjektnummer:
6407
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • ""

    Fjerde og siste samling i prosjektet "Samhandling for grønt skifte" vart arrangert i Sogndal 20. - 21. september. Program og presentasjonar er tilgjengeleg her.

  • Aktuelt
    ""

    Den tredje samlinga i det regionale FoU-prosjektet «Samhandling for grønt skifte» vart gjennomført denne veka. Målet er å styrke kunnskapen og samhandlinga slik at kommunane kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å klimaomstille samfunnet.

  • Seminar
    ""

    Prosjektkommunane var samla til andre arbeidsseminar der temaet var å oppsummere erfaringane frå oppstartssamlingane som har vore gjennomført i kvar av prosjektkommunane.

  • Seminar
    ""

    13. og 14. mars var prosjektkommunane samla til arbeidsseminar der temaet var "Metodar for tilpassing til klimaendringar". Seminaret vart arrangert i samarbeid med KS Sogn og Fjordane.

  • Seminar
    ""

    Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet arrangerer Campus seminar fredag 17. februar i "Trollsalen" ved Sogndal vidaregåande skule. Tema: "Er klimaløysinga å fjerne eller fange CO2"

  • Seminar

    Fylkeskommunen og Vestlandsforsking orienterte kommunane under den årlege haustkonferansen for kommunene i Sogn og Fjordane om prosjektet "Samhandling for Det Grøne Skiftet".

  • Vestlandsforsking deltek med to innlegg på den første klimakonferansen til organisasjonen Euromontana. Samanslutninga av europeiske fjellregionar der m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem, skal vedta ein "klimakonvensjon" som skal gi fjellregionar i Europa ei felles forståing om kva klimaendringane kan føre med seg av nye utfordringar for desse regionane.

  • 2. - 4. mai blir det arrangert ein klimakonferanse i Sogndal. Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Statens Vegvesen, Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NVE, Norsk Bremuseum og UWC.