Arbeidsseminar - Grønt skifte

""
Frå samlinga i juni

Prosjektkommunane var samla til andre arbeidsseminar der temaet var å oppsummere erfaringane frå oppstartssamlingane som har vore gjennomført i kvar av prosjektkommunane.

Seminar

Program til 2. kommunesamling i prosjektet «Samhandling for Grønt skifte» på Skei Hotell 15.-16. juni 

  1. samling den 15.-16. juni har to tema:
  • Oppsummering av «heimeleksa» på temaet «sårbarheit for klimaendringar»
  • «Sårbarheit for klimapolitikk og lokale utslepp av klimagassar».

Torsdag 15 juni: Erfaringar med å analysere lokal sårbarheit for klimaendringar

11:00-12:00: Lunsj

12.00 – 13:00: Velkomen frå prosjektleiinga med kort oppsummering av oppstartmøta med kommunane

13:00 – 15:00: Kvar kommune førebur ei kort (10 min kvar + spørsmål frå salen) oppsummering av arbeid sitt så langt, ut frå følgjande stikkord:

  • Framdriftsplan for det lokale planarbeidet som inngår i prosjektet
  • Tema som er aktuelle å analysere lokalt når det gjeld sårbarheit for klimaendringar
    • Endringar av ekstremvêr / «ekstremt mykje dårleg vêr» (kva klimaparameter?) som kan auke risikoen for naturskade (kva type naturskade kan vere relevant å analysere nærare)?
    • Endringar av kvardagsvêr (kva klimaparameter?) med tilhøyrande lokal konsekvens (kva type lokal konsekvens kan vere relevant å analysere nærare)?
    • Indirekte konsekvensar av klimaendringar i andre land? (kva type lokal konsekvens kan vere relevant å analysere nærare)?
    • Lokale samfunnsendringar som kan gjere lokalsamfunnet meir eller mindre eksponert for klimaendringar? (kva type samfunnsendringar lokalt kan vere relevant å analysere nærare?)
  • Status i dei konkrete analysane
    • Konkrete, førebelse eller endelege resultat?
    • Plan for å gjere slike konkrete analysar?
    • Utfordringar i å gjere analysane?

15:00-16:00: Gruppediskusjon.

16:00-16:30: Pause med kaffe og kaker

16:30-17:30: Samla diskusjon om erfaringane så langt – og korleis gå vidare for å avslutte denne delen av analysearbeidet

19:00: Felles middag for dei som overnattar

Fredag 16 juni: Innspel til korleis vurdere lokal sårbarheit for klimapolitikk og lokale utslepp av klimagassar

09:00 – 10:00: Gjennomgang av metode for å vurdere lokal sårbarheit for klimapolitikk og lokale utslepp av klimagassar

10:00 – 11:00: Gruppearbeid på tvers av kommunane om korleis gjere dei konkrete lokale analysane

11:00 – 12:00: Oppsummering av gruppearbeidet – og formulering av heimelekse. Avslutning med fastsetting av tid, stad og tema for neste prosjektsamling

12:00 – 13:00: Avsluttar med lunsj.