Sluttrapport frå prosjektet "Samhandling for grønt skifte"
Sluttrapporten frå prosjektet "Samhandling for grønt skifte" presenterer ein modell for utarbeiding av eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på regionalt nivå til støtte for arbeidet med klimaomstilling i kommunane, og vidare ein modell for samhandling mellom regionalt og lokalt forvaltningsnivå i å leggje til rette for eit slikt arbeid. Rapporten presenterer og erfaringane frå dei regionale og lokale aktørane i Sogn og Fjordane i å utforma og ta i bruk desse modellane.