Klimatilpassing

Noraddapt logo

Vestlandsforsking har frå 2018 eit nasjonalt kunnskapssenter for klimatilpassing. Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) samlar fleire av landets fremste fagmiljø innan klimatilpassing. Senteret spring ut av eit stort behov for å skaffe og samle brukarretta kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg dei forventa klimaendringane utan å kome i konflikt med målet om ei berekraftig utvikling.

Partnarane i Noradapt er CICERO Senter for klimaforskningNordlandsforskningSenter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen, NORCE KlimaNORCE SamfunnSINTEF Community (tidl. Byggforsk), Høgskulen på Vestlandet og NTNU (Institutt for geografi). Vestlandsforsking står for drift av senteret, med Carlo Aall som senterleiar. Les meir om senteret her.

Vestlandsforsking var mellom dei første fagmiljøa i landet til å forske på korleis samfunnet kan tilpasse seg endringar i vêr og vêrmønster. Vestlandsforsking har òg vore blant dei leiande forskingsmiljøa på feltet berekraftig utvikling. Sidan 2005 har vi samarbeidd med kommunar, private og offentlege verksemder, organisasjonar og styresmakter for å bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag om berekraftig tilpassing til klimaendringar. Vårt bidrag er i hovudsak samfunnsvitskapleg, men vi har tette band til naturfaglege miljø.

Gjennom arbeidet med lokal klimasårbarheit og klimatilpassing, er beredskap og samfunnstryggleik òg blitt viktige forskingstema. Vestlandsforsking har mellom anna bidrege til å formidle stoff på den nasjonale portalen www.klimatilpasning.no og har utført fleire store utgreiingar for KS FoU på dette fagområdet.

Tett samarbeid med offentlege, regionale verksemder har vore viktig på området berekraftig klimatilpassing sidan starten. Dei viktigaste har vore Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – no Fylkesmannen i VestlandSogn og Fjordane fylkeskommuneKS Sogn og Fjordane, Innovasjon NorgeStatens vegvesen region vestNVE region vestNorsk Bremuseum og Høgskulen på Vestlandet. Samarbeidet har vore organisert som ein regional partnarskap. Sidan 2016 har partnarskapen arrangert ein årleg, nasjonal konferanse i Sogndal om klimaomstilling.

 

Publikasjonar

Artiklar

  • Foto

    – Ein heilt annan måte å vere på konferanse på, seier Ida-Beate Mølmesdal om å delta på Klimathon. Klimakoordinatoren i Vestland fylkeskommune held framleis kontakten med gruppa si frå fjorårets konferanse i Bergen.

  • Foto

    Kunne du tenke deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan desse stillingane i Sogndal vere noko for deg. Vi ser etter samfunnsvitarar med bakgrunn innan klima.

  • Foto

    Å legge fram forskinga si med få og enkle ord, er eit ideal på frammarsj i akademia. Under Forskingsdagane skal fleire forskarar frå Vestlandsforsking delta på slike arrangement. Det eine føregår i Sogndal.

  • Foto

    Då ordføraren i instituttet sin nye vertskommune kom for å bli betre kjend med Vestlandsforsking, fekk han innblikk i eit 35 år langt samarbeid.

  • Foto

    Alt før koronaviruset stod verda på vippepunktet – så kor går vegen ut av krisa? Forfattar og professor Dag O. Hessen er ein av hovudtalarane på årets utgåve av konferansen #Klimaomstilling, der Vestlandsforsking og Noradapt er blant arrangørane. Konferansen blir i år heildigital, med direktesending frå Sogndal 23. september.

  • Foto Technoport 2020

    Noradapt, eit nasjonalt senter for klimatilpassing leidd av Vestlandsforsking, skulle i år ha vore med på å arrangere Technoport 2020. Konferansen samlar over 700 deltakarar og skulle i år ta opp korleis vi kan ta i bruk teknologi for å tilpasse samfunnet til klimaendringane.