Forskar på medverknad i eiga leikegrind

fire unge menneske sit rundt eit bord med ark på og diskuterer
Ei av gruppene som diskuterte korleis dei ønskjer at framtidas Hodlekve skal sjå ut. Frå venstre Liv Astrid Nordheim Kusslid, Steinar Nes, Hedvig Ødeby Karlsen og Hilde Østbø. Foto: Kyrre Groven.

Korleis bør Sogndal sitt skiparadis bli i framtida? Det er mange opptekne av, og dei ser for seg mykje ulikt. Vestlandsforsking følgjer utviklingsarbeidet til kommunen, og har arrangert ein nytenkande arbeidsverkstad om korleis framtidas Hodlekve skal sjå ut.

Når snøen lavar ned i Sogn og pudderalarmen går blant frikøyrarane, strøymer alle som likar ski oppover Sogndalsdalen til det som ein gong var ei grend, nokre stølar og eit enkelt utfartsområde, men som dei siste åra har utvikla seg til ein populær skidestinasjon. Men kva bør denne staden bli når det har gått endå nokre år?

Like før jul i 2024 møttest 25 inviterte innbyggarar på eit av hotella i bygda for å snakke om korleis området rundt Sogndal Skisenter i Hodlekve skal sjå ut i framtida. Føremålet var å famne eit breitt sett av ulike ønske og meiningar, for å dempe konfliktar om korleis området skal utviklast. Dette var den første av tre samlingar Vestlandsforsking arrangerer for å bidra til Sogndal kommune sitt arbeid med ny arealdelplan for Hodlekve.

 

kvinne held fagleg innlegg for menneske plasserte rundt små bord i sal på hotell
Prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen gav deltakarane på verkstaden ei innføring i forskingsprosjektet som er bakgrunnen for Vestlandsforsking si involvering i Hodlekve-planlegginga. Foto: Bror Kristian Tandberg

Tidleg involvering

Vestlandsforsking skal forske på kommunedelplan-prosessen kommunen er i gang med i Hodlekve. Studien er ein del av det internasjonale forskingsprosjektet «Integrate nature-based solutions», som er leia av Irmelin Gram-Hanssen ved Vestlandsforsking.

Føremålet med prosjektet er å sørgje for tidleg og djup involvering av lokalbefolkninga i ein planprosess for å sikre robuste og gode avgjerder for både folk og natur.

– Det handlar om å kunne ta avgjerder som er betre forankra lokalt og finne felles verdiar på tvers av ulike interesser, seier Gram-Hanssen.   

Snakka om personlege verdiar

Deltakarane på verkstaden var personleg inviterte for å sikre at mange ulike interesser i kommunen vart inkludert. Samstundes blei deltakarane spurde om å først og fremst kome som innbyggarar, og leggje interessehatten sin til side til å starte med. I byrjinga vart dei bedne om å seie litt om sine personlege verdiar og synet sitt på Hodlekve.

– Vi trekker fram personlege verdiar fordi samfunnsutvikling i botn handlar om verdiar. I staden for å diskutere utfordingar eller konkrete løysingar startar vi med verdiar for å få til ein samtale som er forankra i det folk verkeleg bryr seg om. Vi har tru på at dette fører til betre forståing og respekt blant deltakarane, seier Gram-Hanssen.

Gravemaskin i fjellandskap
Store naturinngrep høyrer med når eit enkelt utfartsområde skiftar ham. Foto: Kyrre Groven

Blant verdiane folk nemnde, var at Hodlekve skal vere eit ope og inkluderande tilbod for alle, og ein møteplass i kommunen. Mange var særleg opptekne av at Hodlekve skal vere tilgjengeleg for born og unge. Det var også stor einigheit om at ein verdi ved Hodlekve i dag er at det er kort veg ut i naturen og at det legg til rette for mange ulike former for naturopplevingar.

– Mange av deltakarane opplevde at dei var nokså samde om grunnleggande verdiar, eller at dei kunne respektere og kjenne seg att i andre sine refleksjonar, fortel Gram-Hanssen i ettertid.

Til slutt blei deltakarane spurde om å formulere prinsipp for utviklinga i Hodlekve i fellesskap. På dei neste samlingane vil forskarane legge opp til å gå djupare inn i kva for praktiske utfordringar som må løysast og kva for politiske grep som skal til for å løyse desse. Her vil det bli eit særskilt fokus på natur og løysningar som spelar på lag med naturen.

Medverknad i ei brei gruppe

skihytte-tak med landskap dekt av snø bak
For utbyggarane er det ikkje ein framand tanke at Hodlekve får 1000 nye hytter dei komande åra. Men korleis skal desse plasserast i landskapet?

Hausten 2024 lanserte Sogndal Skisenter Drift ein eigen rapport med innspel til ny kommunedelplan for Hodlekve. Dette er ein separat prosess som ikkje må forvekslast med arbeidsverkstadene i regi av Vestlandsforsking. Likevel har nokre av deltakarane vore med i begge prosessane.

Særleg to ting er viktige å trekke fram ved Vestlandsforsking sine arbeidsverkstader, seier ho:

– For det første tek Sogndal kommune del i forskingsprosjektet, og på den måten bidreg  arbeidsverkstadane med formelle innspel til den komande planen i Hodlekve. For det andre sikrar metoden eit visst mangfald. Kongstanken er at breiare involvering som tek utgangspunkt i folk sine verdiar vil bidra til løysingar som er betre både for menneske og natur, som dempar konfliktar i lokalmiljøet og som står seg over tid, fortel Gram-Hanssen.