e-forvaltning

Artiklar

  • Regjeringa ved Fornyings- og administrasjonsdepartementet la før sommaren fram eit forslag til høyring på nye forvaltningsstandardar og ein referansekatalog for IKT-standardar. Forslaget er eit resultat av arbeidet i det nye Standardiseringsrådet som er oppretta av FAD.

  • Vestlandsforsking får knutepunktfunksjon for interoperabilitet i det nystarta ressursnettverket for e-forvaltning. Det inneber eit spesielt ansvar for kartlegging, koordinering og rolle som pådrivar for prosjekt og innspel til Verdikt-programmet. Interoperabilitet kan kort beskrivast som samhandling og samverke mellom it-system.

  • Møtet om bruk av Los, arrangert av Vestlandsforsking og Difi, samla 40 deltakarar på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Seminaret vart arrangert som ein del av prosjekta "Miside-løftet - frå nettavis til nettbank" (prosjekt i regi av KS Sogn og Fjordane) og Ressursnettverk for e-forvaltning (www.rnef.no). Det siste prosjektet på grunn av Vestlandsforsking si rolle som knutepunkt for elektronisk samhandling i offentleg sektor.

Publikasjonar