Høyringssvar på forslag til nye forvaltningsstandardar for IKT

Regjeringa ved Fornyings- og administrasjonsdepartementet la før sommaren fram eit forslag til høyring på nye forvaltningsstandardar og ein referansekatalog for IKT-standardar. Forslaget er eit resultat av arbeidet i det nye Standardiseringsrådet som er oppretta av FAD.

Tidlegare arbeid med standardisering
Arbeidet med standardar for IKT innan offentleg forvaltning har hatt ein lang pause etter at det vart gjort ein del vedtak på 90-talet som mildt sagt var litt i utakt med utviklinga.Fordelen med standardar for meldingsutveksling, dokumentutveksling osv. er openberr; det lettar samhandlinga. Men faren er at ein bind seg til standardar som viser seg å ikkje vera gode (nok) eller som av ein eller annan grunn ikkje får støtte elles i marknaden. Det var det siste som var tilfelle med standard-vedtaka på 90-talet. Då vart det mellom anna vedteke ein kongeleg resolusjon om at alle offentlege verksemder skulle bruka X.400-standarden for meldingsutveksling (e-post). Dette var ein del av ein norsk OSI-profil som vart kalla NOSIP (OSI = Open Systems Interconnection, ein samling kommunikasjonsstandardar utarbeida av dei store teleselskapa på 80- og 90-talet).

OSI og dei store teleselskapa vart feia av bana av Internett og dei standardane som gjaldt der (først og fremst IP for kommunikasjon og SMTP for e-post). Den norske OSI-profilen vart berre delvis vedlikehalden og oppdatert med det som skjedde, og vedtaket om X.400 stod fast, trass i at nesten ingen innførte det. Resultatet vart ei svekka tillit til arbeidet med (forvaltnings-)standardar; haldninga vart at her er det marknaden som rår, det er lite eller ingen ting som kan gjerast av offentleg sektor for å påverka dette. Det er berre å følgja straumen...

Stor interesse
Bruk av opne standardar har fått stor merksemd dei siste åra og interessa for å ta tak i arbeidet med forvaltningsstandardar innan IKT har vakna att. Høyringsforslaget frå FAD har fått stor interesse og heile 69 svar er komne inn. Mykje av interessa skuldast den harde kampen om standardisering av tekstbehandlingsformat. Her har ISO godkjendt det opne formatet ODF og Microsoft kjempar difor ein hard kamp for å få vedteke sitt eige opne format, OOXML (Open Office XML). Dette er ein strid som rommar langt meir enn diskusjon om tekniske spesifikasjonar, det handlar rett og slett om kontroll over Office-formatet.

Vestlandsforsking sitt høyringssvar har fått omtale i siste nummer av Computerworld, mykje fordi vår høyringsuttale støttar KS sin uttale og det er denne som er basisen for omtalen. Alle høyringsuttalane finn du på FAD sine nettsider.