Kartlegging av biologiske restråstoff på Kaupanger
Vestlandsforsking fekk i november 2024 i oppdrag av Sogn Næring/Sogn Biohub å gjennomføre ei kartlegging for biologiske ressursar som oppstår av aktivitet hjå både offentlege og private verksemder som er geografisk plassert på Kaupanger i Sogndal kommune. Datainnsamling for avfallsmengder i området er samla inn av seniorforskarane Fredrik M. Johnsen og Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking. For dei fraksjonane der det framleis berre føreligg teoretiske og berekna tal, t.d. GROT og vegkantflis, er tal henta frå ei tidlegare kartlegging gjort av Vestlandsforsking og NIBIO for SIMAS IKS (O’Toole et al. 2021). Leveransen til oppdragsgjevar består av denne rapporten og ein PPT presentasjon med eit utdrag av grafar og oversikter, begge deler er digitalt tilgjengeleg på Vestlandsforsking og oppdragsgjevar sine nettsider. All bruk av figurar og tabellar frå rapporten må henvise til rapporten eller kreditere forfattaren. Vi takkar Fredrik M. Johnsen for bidrag til datainnsamling og grunnlagsarbeid og takkar Sogn Næring for oppdraget og samarbeidet. Vi ynskjer lukke til med vidare planlegging av nedstraumsløysingar for biologisk avfall i Sogn Biohub på Kaupanger