Høyvis er eit nasjonalt kompetansesenter for bruk av breiband i offentleg sektor og formidlar erfaringar og kompetanse utvikla av både nasjonale og internasjonale offentlege breibandprosjekt. Høyvis skal på denne måten bidra til å realisere Høykom sine mål om auka og nyskapande bruk av breiband i Norge.

Arbeidet med prosjektet starta i 2002 og er planlagt å fortsette ut 2006. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking med det regionale nettverket her, kom først med i prosjektet i 2004.

Målgruppa er beslutningstakarar i offentleg sektor, inkludert sektorleiarar og prosjektutviklarar, som arbeider i og for offentleg sektor. Formidlingsarbeidet skjer gjennom nettstaden hoyvis.no, aktiv deltaking på nasjonale konferansar og seminar samt gjennom oppsøkande verksemd og aktivit samarbeid med målgruppa regionalt. Høyvis arrangerer også møter, workshops og seminar for målgruppa, både aleine og i samarbeid med andre.

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
5275
Prosjektleiar:
Senior Researcher
Prosjektmedarbeidarar: