Reduserte karbonutslipp i krisetid: sosial innovasjon for å auke ein rettferdig grøn og digital omstilling (DeCrises)
Den europeiske unionen arbeider for å digitalisere og dekarbonisere økonomien gjennom utvikling av industriell infrastruktur for nullutsleppsmålet, skape grøne jobbar og investere i fornybare energisystem. Ei av dei største utfordringane for å nå desse måla er styring av prosessane, særleg med tanke på å sikra inkluderande og demokratiske avgjerdsprosessar. Prinsippet om fleirnivåstyring (multi-level governance, MLG) kan spela ei viktig rolle i denne samanhengen. Ved å involvere ulike aktørar i politikkutforming, fremje deltaking og styrke felles eigarskap til måla, kan fleirnivåstyring bidra til ein meir rettferdig og effektiv omstilling. Likevel er implementeringa utfordrande i møte med aukande populisme, polarisering parallelt med økonomiske og miljømessige kriser. Prosjektet DeCrises har som mål å byggje bru mellom teori og praksis i det noverande rammeverket for fleirnivåstyring, med vekt på ein rettferdig og inkluderande grøn og digital omstilling i heile EU.
Vestlandsforsking vil leia arbeidspakke 4, som studerer fire initiativ for grøn omstilling basert på sosial innovasjon, i Noreg, Latvia, Polen og Finland. Målet for arbeidspakken er å forstå korleis ulike regionar i Europa fremjar samfunnsbasert sosial innovasjon for ei rettferdig grøn omstilling. Gjennom samarbeid med ulike samfunnsaktørar vil DeCrises utforske korleis grasrotrørsler kan bidra til grøn og digital omstilling og dessutan å forstå korleis fleirnivåstyring kan inkludere både innbyggjarar og avgjerdstakarar i styringsstrukturar.