• Årdal kommune

    Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Vestlandsforsking bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet.
    – Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

  • øyvind i trapp

    Vestlandsforsking er medarrangør og har fleire roller i Fjordkonferansen i Loen 6.-7. juni. Den tverrfaglege konferansen har i år temaet regional konkurransekraft.
    - Det er viktig for oss på Vestlandsforsking å formidle kunnskap vi utviklar om tema som er særleg relevante for Vestlandet, seier Øyvind Heimset Larsen, som har vore med på å planlegge årets konferanse.

  • lokale grønsaker

    Vestlandsforsking har på oppdrag frå fylkeskommunen kartlagt aktørar og utviklingsprosjekt knytt til lokalmat i Vestland fylke og gitt strategiske råd. Rapporten blir eit grunnlag i fylkeskommunen sin innsats for å styrke salet av lokalmat i Vestland. – Vi tilrår mellom anna å kople lokalmat tettare saman med reiselivsnæringa, seier seniorforskar Kristin Løseth.

  • torbjørn og bror

    Noradapt har utvikla eit nytt verktøy som viser kor langt ein har kome i arbeidet med klimatilpassing i i ulike delar av samfunnet. Bror Kristian Tandberg ved Vestlandsforsking presenterte tenesta på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april.

  • Kompetansemeklarane ved Vf

    Vestlandsforsking har nyleg signert to viktige samarbeidsavtalar med Vestland fylkeskommune: Ein treårig samarbeidsavtale der vi skal bidra med forsking og utviklingsarbeid for å nå måla i regional plan for innovasjon og verdiskaping, og ein samarbeidsavtale om satsinga FORREGION om å mobilisere til meir forsking i næringslivet.

  • VF-styret 2024

    Styret for Vestlandsforsking var samla til sitt første styremøte og styreseminar i Sogndal 14. mars. Styreleiar er Silja Ekeland Bjørkly (til venstre).

Nye publikasjonar