Kjønn, mangfald og teknologi

Det vert stadig viktigare å etablere kunnskap om kva føresetnader som vert skapt av og med teknologi i utviklinga av samfunnsinstitusjonar, kultur, identitet og kommunikasjon mellom menneske. Med utgangspunkt i samfunnsfagleg teknologiforsking, medieforsking, kvinne- og kjønnsforsking og minoritetsstudiar, studerer vi samproduksjon av teknologi, samfunn, kultur og identitet. Forskinga vår famnar tematisk bredt, med prosjekt knytt til digitalisering av offentlege tenester, barn og digital kompetanse, kjønn og teknologi-drivne yrkeskarrierar og minoritetsgrupper sin bruk av IKT. Med utgangspunkt i sosiale kategoriar, som t.d. kjønn og etnisitet, undersøker vi kva som formar ulike sosiale grupper si deltaking i teknologi-relaterte fagfelt og kontekstar, og korleis symbolske og diskursive strukturar vert forhandla om og forma i møtepunkt mellom kultur, identitet og teknologi. 

Det er eit mål for forskinga vår å lære meir om kva mekanismar som verkar ekskluderande eller inkluderande for ulike sosiale grupper i høve til teknologi, for å kunne bidra med løysingar som kan gi inkluderande prosessar knytt til ny digital teknologi.


 

Publikasjonar

Artiklar

  • Flammeeksperiment på Girl Tech Fest

    Jenter frå heile Sogn har det siste året fått bryne seg på realfaglege eksperiment og møtt kvinnelege rollemodellar som jobbar med teknologifag. Formålet har vore å auke nysgjerrigheita for IT og teknologiske utdanningsval blant unge jenter i regionen.

  • Forskarar Just Transform

    Denne veka møttest forskarar frå forskingsprosjektet Just Transform i Sogndal for å diskutere funn i prosjektet som dreier seg om samspelet mellom det grøne og digitale skiftet i næringslivet. Ti forskarar frå Vestlandsforsking, Norce, Cambridge University og Universität St.Gallen deltok på samlinga.

  • racerbilar

    Framleis vel for få jenter å studere teknologifag, medan arbeidsplassar som krev teknisk kompetanse, skrik etter kvinner. Prosjektet "Teknojenter" har som mål å endre dette biletet i Sogn.
    – Forsking viser at jentene treng eit ekstra dytt for å sjå at teknologiutdanning er nokon for dei. Difor er det av og til viktig å ha fokus på berre dei, seier forskar Torunn G. Hønsi frå Vestlandsforsking om arrangementet på ViteMeir 7. mars.

  • Oppstartmøte i Teknojenter - alle står i trappa

    – Vi treng fleire unge som vel utdanningar og yrke knytt til teknologi, og då må vi få fleire jenter inn i teknologifaga, seier Hilde G. Corneliussen. Før jul starta ho og kollega Torunn G. Hønsi opp prosjektet "Teknojenter" saman med ei rekkje samarbeidspartar i Sogn.

  • Cheshta og Hilde

    Få i offentleg sektor fryktar at bruken av kunstig intelligens kan føre til diskriminering, samtidig som forsking viser at risikoen er stor. Forskarar ved Vestlandsforsking fekk nyleg ein pris for ein forskingsartikkel som kastar lys over dette.

  • Menn som gamar

    Blant menn som spelar dataspel, finst det ein maskulin kultur som står i opposisjon til framveksande krav om mangfald og inkludering. I eit nytt forskingsprosjekt med Universitetet i Bergen skal Vestlandsforsking bidra til større innblikk i korleis denne gruppa ser på seg sjølv og samfunnet.