Kvinneløftet FixIT – aktivitetar for å auke kvinner si deltaking i innovasjonsprosjekt (FORREGION)
Sjølv om innovasjon vert oppfatta som sentralt for samfunnsutvikling, er det få kvinner som deltek i forskingsbasert innovasjon. Dette gjeld særleg i teknologiutvikling innan fagfelt der kvinner utgjer eit mindretal. "Kvinneløftet FixIT" skal bidra til å auke kvinner si deltaking i forskings- og innovasjonsfeltet i Sogn og Fjordane og Hordaland. FixIT skal særleg fremje kjønnsbalanse i prosjekta som er knytt til Forskningsrådet sitt program FORREGION, som mobiliserer næringslivet til forskingsbasert innovasjon. I samarbeid med partnarane skal prosjektet bidra til å identifisere, mobilisere og rekruttere kvinner til innovasjonsprosjekta.
Eit av måla for FixIT er å utarbeide ein "balansekompetansepakke" som skal bidra til generell auka merksemd og kunnskap om kjønna strukturar i forskings- og innovasjonsfeltet. Det vil bli halde balansekompetansekurs for innovasjonsaktørar frå privat og offentleg sektor, med mål å auke kompetansen blant FORREGION-deltakarar om kva mekanismar som kan fungere inkluderande og ekskluderande. Eit sentralt tema vil vere kunnskap om kva verkemiddel ein kan ta i bruk for å sikre betre kjønnsbalanse. Til slutt vil aktivitetane bli evaluert og balansekompetansepakka vil bli tilgjengeleg for andre Forregion- og innovasjonsaktørar.
Vestlandsforsking ved Hilde G. Corneliussen er prosjektleiar for FixIT, som er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet med representantar frå FORREGION-prosjekta Teknoløft Sogn og Fjordane og Kabis i Hordaland. I tillegg er ei breitt samansett gruppe som inkluderer privat og offentleg sektor involvert, med IT-forum Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge samt kvinnenettverka Girl Geek Dinners i Førde og Bergen og Oda-nettverket for "kvinner i tech", avdeling Bergen. FixIT er og tett knytt til Nordwit – eit nordisk "Centre of Excellence" som forskar på kvinner i teknologirelaterte karrierar (nordwit.com), og som dannar det forskingsbaserte kunnskapsgrunnlaget for balansekompetansepakka.
Balansekompetanse med kvinneløftet FixIT
- Førde, 11. september 2019, last ned invitasjon, sjå Facebook
- Sogndal, 18. september 2019, program og påmelding.
- Bergen, 2. oktober 2019 – invitasjon
Eit inspirasjonshefte om å betre mangfald i innovasjon
Kjønnsbalanse kan bidra til å auke mangfald i erfaringar og kompetanse i innovasjon. Inspirasjonsheftet "Kjønnsbalansekompetanse" frå Kvinneløftet FixIT gir råd og tips for å møte utfordringar med å rekruttere kvinner til innovasjonsprosjekt.
Inspirasjonsheftet er utvikla i samarbeid med regionale innovasjonsprosjekt og baserer seg på utfordringar som mange verksemder er kjent med. Heftet er basert på kunnskap om kjønnsbalanse, til dømes frå dei prosjektansvarlege si forsking på innovasjonsaktørar gjennom NORDWIT, eit Nordic Centre of Excellence (finansiert av Nordforsk) som fokuserer på kvinner i teknologi-drivne karrierar (www.nordwit.com).