Samla 130 tenåringsjenter til inspirasjonsdag om teknologi

racerbilar

Framleis vel for få jenter å studere teknologifag, medan arbeidsplassar som krev teknisk kompetanse, skrik etter kvinner. Prosjektet "Teknojenter" har som mål å endre dette biletet i Sogn.
– Forsking viser at jentene treng eit ekstra dytt for å sjå at teknologiutdanning er nokon for dei. Difor er det av og til viktig å ha fokus på berre dei, seier forskar Torunn G. Hønsi frå Vestlandsforsking om arrangementet på ViteMeir 7. mars.

Teknojentedagen som nyleg trekte 130 jenter til ViteMeir på Kaupanger, er det første arrangementet i regi av prosjektet Teknojenter, som Vestlandsforsking leier og Vestland fylkeskommune finansierer. Sogn Næring hadde ansvar for å arrangere denne inspirasjonsdagen, der jenter frå alle ungdomsskular og vidaregåande skular i Sogn var inviterte til å bli med og utforske teknologi gjennom ein heil skuledag.

Her er det jenter frå alle skulane i Sogn, og dei skal få høyre på rollemodellar og prøve seg på kul, enkel teknologi, sa Ida Brastad Ramsfjell frå Sogn Næring då NRK kom for å intervjue deltakarar og arrangørar.

Teknojenter-oppstart
Forskingsleiar Hilde G. Corneliussen snakkar til representantar for institusjonane som er med i prosjektet "Teknojenter" på oppstartmøtet nyleg. Til venstre for ho sit prosjektleiar Torunn G. Hønsi frå Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

Ein festdag

Det vrimla av langt hår og jeans i lokala til ViteMeir denne marsdagen. På seks ulike stasjonar jobba jenter i grupper og par med å bygge, programmere og lære om robotikk. På ein av stasjonane var målet å sprekke kvarandre sine ballongar, festa på små køyretøy. Ordet "kult" svirra i lufta, og ingen av dei 130 jentene i lokala såg ut til å ha det kjedeleg.

– Akkurat dette har vore mitt forskingsområde gjennom nær 30 år, så for meg er dette rett og slett ein festdag, sa forskingsleiar Hilde G. Corneliussen til NRK under Teknojentedagen på ViteMeir 7. mars.

For få veit om teknologi

Det har lenge vore for få jenter i alle teknologiske studieretningar og på arbeidsplassar som treng teknologisk kompetanse. Det bekymrar dei som skal tilsetje morgondagens teknologar, som Digdir på Leikanger og Hydro i Årdal. Om framtida veit ein dessutan at teknologien vil trenge seg inn på stadig nye område. Innovasjon på teknologifeltet vil til dømes bli viktig for å sikre at helse- og omsorgstenestene rekk over alle framtidas sjuke, eldre og pleietrengande - og at også kvinnene er med på å skape det samfunnet treng av teknologi.

– Forsking viser at jentene treng eit ekstra dytt for å sjå at teknologiutdanning er nokon for dei. Difor er det av og til viktig å ha fokus på berre dei.

Teknologi blir nesten utelukkande laga av menn. Viss vi vil ha eit rettvist og mangfaldig samfunn, må produsentmijøga òg gjenspegle mangfaldet i samfunnet. Eg brukar å seie at når vi skapar teknolgoi, så skapar vi oss sjølve, seier forskingsleiar Hilde G. Corneliussen.

Blir ikkje inviterte inn

Jenter i tenåra er ikkje akkurat framande for teknologi, og både dei og vaksne flest brukar teknologi nesten døgnet rundt. Kva er er det som likevel gjer at jentene ikkje oppsøker teknologiske utdanningar?

Partnarar i prosjektet:

Sogn Næring

Sogndal vidaregåande skule

ViteMeir

Høgskulen på Vestlandet

Årdal Utvikling

Årdal vidaregåande skule

Hydro

DigDir

Sogn Opplæringskontor

Sognarådet

Jentene tenker sjølv at teknologi ikkje er interessant for dei, og då tek vi dei heller ikkje med inn i dei romma der teknologien føregår, forklarer Hilde G. Corneliussen, og sender tankane i retning skular, rådgjevarar, foreldre og andre viktige personar i jentene sin kvardag - dei som òg kan vere ein "heiagjeng" om dei får tips om at det hjelper for usikre jenter som skal velje utdanningsveg.

Møtte rollemodellar

Forskarane trur òg mange jenter manglar kjennskap til desse faga og til dørene dei opnar i yrkeslivet. På inspirasjonsdagen 7. mars fekk jentene høyre fleire som har gått y-vegen, satsa på ingeniørstudiar sjølv om dei ikkje visste at det var tingen for dei, blitt robotikkforskar trass i alle planar dei ein gong hadde - eller alltid visst at dei elska akkurat teknologi.

Dette er ein av skansane der vi framleis ser stor grad av ulikskap, og det vil vi gjere noko med. Vi vil få skolert fleire jenter så dei kan kome tilbake hit og utvikle Sogn inn i framtida, avslutta Torunn G. Hønsi, som leier prosjektet Teknojenter.