e-Helse

E-helse handlar om innføring og bruk av digitale løysingar i pleie- og omsorgstenester, med mål å heve kvalitet, tryggleik og effektivitet i helse- og omsorgssektoren. Digitale tenester skal bidra til enklare kontakt og til at befolkninga opplever helse- og omsorgstenesta som heilskapleg og tilgjengeleg. Vestlandsforsking forskar på innføring og bruk av velferdsteknologi, med særleg vekt på kommunale helse- og omsorgstenester, og vi samarbeider tett med dei regionale aktørane på feltet. Det regionale og rurale perspektivet er sentralt, då det gjev andre utfordringar enn i byar og tettbygde strok, samstundes som teknologi kan gje verdifulle bidrag når helse- og omsorgstenester skal famne  store geografiske avstandar.

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • Kvinne med skjerf smiler til kamera. Tidsskrift-hylle i bakgrunnen.

    Vestland fylkeskommune og nøkkelaktørar i FoU-sektoren i Vestland har skipa eit nytt nettverk. Horisont Vestland skal sikre at regionen dyrkar fram gode søknader til EU sitt nye forskingsprogram.

  • Aktuelt
    ""

    Fylkesprosjektet for velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane har sidan 2014 vore ein sentral arena for å engasjera kommunar og ei rekkje andre aktørar i fylket til å starte arbeidet med velferdsteknologi som ei støtte i kommunane si pleie- og omsorgsteneste.

  • ""

    Ei undersøking som samanliknar status for velferdsteknologi i Sogn og Fjordane i 2014 og mot slutten av 2017 viser at kommunane no har kome mykje lenger i å ta i bruk velferdsteknologi.

  • Aktuelt
    ""

    Denne veka er forskarar og aktørar frå Irland, Storbritannia, Sverige, Finland og Norge samla til avslutningskonferanse for eit tre-årig samarbeid om innovasjon i offentleg sektor.